Nå opnar vi fleire publikumsmottak for fysisk oppmøte. Det er meldingar om alvorlege straffesaker, pass-timar og handsaming av utlendingssaker som førebels er prioritert.

Det er lagt opp til ein gradvis opning og det gjerast fortløpande vurderingar om vi skal opne fleire stader. Vi oppdaterer opningstider for kvart enkelt kontor på nettsidene.


Tenestestadene som opnar i veke 19 og 20 er:

Voss - fyrste opningsdag måndag 4. mai kl. 10
Bremanger - fyrste opningsdag onsdag 13. mai kl. 09
Gloppen - fyrste opningsdag onsdag 13. mai kl. 09
Høyanger - fyrste opningsdag onsdag 13. mai kl. 09
Lærdal - fyrste opningsdag onsdag 13. mai kl. 09
Måløy - fyrste opningsdag onsdag 13. mai kl. 09
Stryn - fyrste opningsdag onsdag 13. mai kl. 09
Vik - fyrste opningsdag onsdag 13. mai kl. 09
Aurland - fyrste opningsdag torsdag 14. mai kl. 09
Årdal - fyrste opningsdag torsdag 14. mai kl. 09

Av omsyn til smittevern er det strenge restriksjonar i ekspedisjonen. Vi må avgrense tal på personar som er i ekspedisjonen samstundes og alle må halde minimum ein meters avstand.
Er du sjuk skal du ikkje møte opp hos politiet, men må ta kontakt på telefon.

Det er mange som kan få hjelp utan å måtte møte fysisk hos politiet. Vi oppmodar folk til først å undersøkje om dei kan kontakte oss på telefon, via politiet.no eller på chat med vår nettpatrulje på Facebook og Instagram.
Sjekk før du møter opp om du kan levere din anmeldelse på nettsidene

Innbyggjarar må tinga timeavtale på pass-og-id.politiet.no for pass og på www.udi.no for utlendingssaker. Det er ikkje høve for drop-in.