Alle publikumsmottak i politiet vart stengde som ei fylgje av korona-pandemien 13. mars. I tråd med tanken om ei varsam opning av samfunnet igjen vart politistasjonane i Kristiansund, Molde og Ålesund saman med Volda og Ørsta lensmannskontor delvis gjenopna med reduserte ekspedisjonstider for tre veker sidan.

Mandag vert opningstidene for politistasjonane utvida, medan lensmannskontoret i Hovdebygda framleis vil ha redusert ekspedisjonstid.

 - Det er svært viktig at råda frå helsestyremaktene vert fylgde. Derfor vil personalet framleis ha eit sterkt fokus på etterleving av smittverntiltaka i tilknytning til publikumsmottaka, seier Marianne Nørgaard Aae som er leiar for Felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie i Møre og Romsdal politidistrikt.

 

Kontaktperson: Politiinspektør Marianne Nørgaard Aae mob 959 38 766