Skisse som viser arbeidsreiser og Korona
Følg karantenebestemmelsane!

I tillegg til at den einskilde arbeidstakar har eit ansvar for å følge karantenebestemmelsane som gjeld dersom ein kjem tilreisande frå utlandet, har arbeidsgivar eit sjølvstendig ansvar for å ikkje sette desse personane i arbeid. Både arbeidsgivar og arbeidstakar risikerer straffeansvar for brot på regelverket. Politiet prioriterar å følge opp og reagere på slike brot på smittevernlovgivinga.

Karantenebestemmelsane gjeld utlendingar som kjem inn til landet og dei gjeld også for nordmenn som har vore i utlandet.

Fem førelegg fyrste veka i mai

- Fyrste veka i mai har vi så langt skrive ut fem førelegg i to ulike saker. Kvar av dei på 20.000 kroner til arbeidstakarane etter brot på karantenebestemmelsane og 30.000 kroner til arbeidsgivar som har sett desse i arbeid. Arbeidstakarane har ikkje halde den lovbestemte karantena etter at dei kom frå utlandet, og har i staden gått rett ut i arbeid, seier avsnittsleiar Linn Breivik Erstad på økonomi- og miljøavsnittet i Møre og Romsdal politidistrikt.

Ei sak er knytt til ei bedrift innan tatoveringstenester med ein-til-ein-behandling. Her er verksemda inntil vidare stengd av kommuneoverlegen. Dei to arbeidstakarane og arbeidsgivar har vedteke førelegga.

Den andre saka omhandlar ei bedrift i byggebransjen. Arbeidstakarane har vedteke førelegg, og etterforskinga mot arbeidsgivar er enno ikkje avslutta.

Spelereglane

– Spelereglane i norsk arbeidsliv gjeld også i den situasjonen vi er i no, seier Erstad. Ho viser til dei iverksette krisepakkane frå Regjeringa som skal hjelpe privatpersonar, næringslivet og samfunnet. Politiet og andre kontrollmyndigheiter følger no opp for å hindre bevisst utnytting og svindel i tiltaka. Både arbeidsgivarar og arbeidstakarar kan få bøter og straff ved bevisste brot på smittevernreglane eller permitteringsordningane.

Det same gjelder for andre former for utnytting av arbeidstakarar som følge av koronapandemien.

Tverretatleg innsats

–Vi arbeider nå tverretatleg blant anna for å hindre at sårbare grupper vert offer for urimeleg arbeidspress og utnytting, seier Erstad. Ei sårbar gruppe som skil seg ut er dei utanlandske arbeidstakarane, spesielt dei som verken kan eller vil reise heim på grunn av karantenebestemmelsane.

Alle må sette seg godt inn i lover og reglar som gjeld. Arbeidsgivarar med utanlandske arbeidstakarar vert spesielt oppfordra til å legge innsats i å informere om pliktene, og ikkje minst rettane kvar einskild tilsett har i den krevjande situasjonen vi står i.

Tips og informasjon om misbruk og moglege brot på regelverk vert fulgt opp med høg prioritet. Politiet understrekar at det er viktig at ein følger regelverket, når Norge no gradvis opnar opp att samfunnet.

Samtidig planleggast det for meir kontrollaktivitet saman med andre etatar innan fleire bransjar.

- Vi har eit godt tverretatleg A-krim samarbeid i politidistriktet som no koordinerer innsatsen mot arbeidslivskriminalitet, avsluttar Erstad.

Slik arbeidar vi med Arbeidslivskriminalitet i politidistriktet

Lokalt har Arbeidstilsynet, NAV-kontroll, Politiet og Skatteetaen underskrive ein felles handlingsplan for arbeidslivskriminalitet 2019-2022. 

I Møre og Romsdal politidistrikt arbeidar vi ganske likt slik eit A-krimsenter er oppbygd gjennom dedikerte ressursar i "Lokal koordineringsgruppe" (LKG). Vi er ikkje samlokaliserte, men etatane møtes jamnleg for å velge dei rette sakene, prioritere og koordinere.

Politi, Skatteetaten og Arbeidstilsynet har flest medarbeidarar i samarbeidet, men NAV-kontroll, toll og de kommunale kemnerkontora og Statens vegvesen er også viktige aktørar.

Samarbeidsavtale for å bekjempe arbeidslivskriminalitet lokalt vart fyrste gong underteikna i 2016.

Saman utfordrar etatane regelverket og bruker dette meir aktivt enn nokon gong tidlegare. Alt etter type saker (og ved aksjonar) samarbeidar dei som er del av LKG etatane lokalt også med til dømes tollvesenet, brannvesen, mattilsyn, el-tilsyn, kommunane (skjenkebevilling) eventuelt andre instansar.