Pressemelding måndag 8. juni 2020:

Aktuelle søksområder i Ørsta er enno dekt av snø.

Politiet i Møre og Romsdal politidistrikt vil halde fram med søk i fjellterrenget ovanfor Ørsta sentrum. No står det att aktuelle områder som enno ligg under snøen, dermed er det usikkert når det konkret vert utført nye søk.

- Der skoen låg og leivningane vart funne er ikkje ulukkesstaden. Det er likevel nærliggande å søke meir i dette området og det må vi vente med, seier politiinspektør/stabssjef Kenneth Sætre i Møre og Romsdal politidistrikt.. Han forklarer at det blant anna er ei ur med store steinar som no ligg under snø og det er relativt bratt oppover.

- Det ligg mykje snø i heile det omfattande fjellområdet og vidare søk må vurderast opp mot sikkerheita for mannskapa som skal delta og tempoet på snøsmeltinga framover. Nye søk skjer så snart dette er forsvarleg. Utanom hjelpemannskap som får oppdrag i organiserte søk, vert det oppmoda om at folk ikkje oppsøker fjellpartiet under Nivane no framover, seier Sætre.

Fjellpartia rundt sjølve Nivane og vestover har vore del av det omfattande leiteområdet ut frå start, men opplysningane som politiet hadde gjorde at dei primære finsøka har vore konsentrert lenger austover i retning Saudehornet. Vidare framover gjer politiet sine vurderingar etter som snøen smeltar i heile fjellområdet der ein har leita sidan 21. november 2018.

Det var fredag den 5. juni rundt klokka 19.00 fekk politiet varsel frå ein mann om funn av leivningar oppe i terrenget under Nivane i Ørsta kommune. Same kveld gjekk politiet opp til funnstaden og det vart utført grovsøk i området. Laurdag heldt politiet fram med finsøk saman med politihund og støtte frå Røde Kors Hjelpekorps. Det vart ikkje gjort ytterlegare funn.

Det er ikkje registret andre sakna personar i området enn Maja Justyna Herner (25) frå Polen. Ho vart meldt sakna etter ein fjelltur i terrenget ovanfor Ørsta sentrum 21. november 2018. Det er derfor funnet vert kopla til henne. Politiet kan ikkje stadfeste sikker identifisering. Fyrst må leivningane sendast til kriminaltekniske undersøkingar. Slik saka står er det ikkje haldepunkt i at det har hendt noko kriminelt. Dei pårørande er varsla om funnet.

Det står også framleis ope kvar ho har vore i fjellet. Tidlegare er det meldt at siste sikre observasjon var oppe i Skålavegen i Ørsta sentrum 21. november 2018 . Mobilen til den sakna har vore plassert svært høgt oppe i terrenget, høgare enn Vallahornet (830 moh.).

 

Pressemelding fredag 5. juni 2020:

Maja Justyna Herner (25) frå Polen vart meldt sakna etter ein fjelltur i terrenget ovanfor Ørsta sentrum. Det har stått ope kvar ho har vore i fjellet, og funnet er gjort i terrenget som på folkemunne heiter Nivane ovanfor Ørsta sentrum.

Det var seint på ettermiddagen fredag 5. juni 2020 at politiet fekk melding frå ein person som hadde vore oppe i terrenget. Fredag kveld vart dette følgt opp med grovsøk i området. Både etterforskarar, krimteknikar og politihund er sett inn i dette arbeidet.

Planen er vidare søk i terrenget i samarbeid med Røde Kors på laurdag 6. juni, men før dette arbeidet startar skal blant anna fare for snøskred vurderast.

Det er ikkje registrert andre sakna personar i området, og det er derfor funnet vert kopla til Herner. Slik saka står er det ikkje haldepunkt i at det har hendt noko kriminelt.

Vi kan ikkje på dette tidspunktet stadfeste at det er Herner. Leivningane må fyrst sendast til kriminaltekniske undersøkingar. Men det er sannsynleg å tru at det er Herner som er funnen, og hennar pårørande er derfor varsla.