Politikvinne i politibåt
Det er stor interesse for å komme seg på vatnet med alt frå kano, kajakk til større båtar. Vi vil vere ute på sjøen i heile sommar med våre to politibåtar.

- Denne sommaren er det meste av festivalar avlyste og vi forventar derfor at aktiviteten vert størst rundt gjestehamner og attraktive uthamner. Politiet ynskjer å fylgje opp med patruljering på aktive områder for førebygging og kontroll, seier Leif E. Bergem-Ohr leiar for Politiets sjøteneste i Møre og Romsdal politidistrikt. Han forventar at 2020 vert eit år med stor aktivitet på sjøen. Færre vil reise på ferie i utlandet og politiet trur at fleire aktivt vil bruke sine båtar.

Svært mange er om bord i båt i løpet av året, også om dei ikkje eig ein båt sjølv. Båtlivsundersøkinga for 2018 viste at det var 950 000 sjødyktige båtar i husstandane i Norge frå kano og robåtar til seglbåtar med høve til å overnatte. I år passerer vi nok 1 million fritidsbåtar i Noreg. Same undersøkinga viser at 36 % av innbyggjarane i Møre og Romsdal hadde båt i 2017, og at 62 % hadde vore på minst ein båttur. 51 % hadde to eller fleire sjødyktige båtar og 77 % hadde motorbåt som hovudbåt (inkludert vannskuter). Samstundes viser drukningsstatistikken frå Redningsselskapet at åtte personer drukna i 2019 mot seks i 2018 i Møre og Romsdal. Berre Rogaland (14) og Nordland (11) hadde fleire drukningsulukker registrert i 2019.

- Åtte drukna er åtte for mange, og tre av desse var knytt til aktivitet med fritidsbåt i vårt fylke. Politiet ynskjer å førebygge alvorlege ulukker med fritidsbåtar og har hovudfokus på promille, fartsoverskridingar, uaktsam køyring og lanterneføring, seier Bergem-Ohr. Brot på reglane vert handheva ved bruk av forenkla førelegg. Politiet vil også kontrollere om båtførarar har kompetansebevis/båtførarbevis om dei er fødde etter 1. januar 1980. Påbod om bruk av flytemiddel i dei fleste opne fritidsbåtar vart innført i 2015 gjennom småbåtlova, og vannskuterbruk har sidan 2017 høyrt til under same regelverk som fritidsbåtar.

- Politidistriktet har et godt samarbeid med Kystvakt, Statens naturoppsyn, Redningsselskapet med fleire på sjøen. Vi har eit felles mål om få til best mogleg utnytting av alle ressursar som kan bidra til god ferdsel og åtferd til sjøs. I sommar samarbeider politiet spesielt med Kystvakta (KV Njord) og Statens Naturoppsyn. Politi vil ved enkelte høve vere om bord hjå desse og utføre samkontrollar av fritidsbåtar og ferdsel. Politiet deltek også i "Klar for sjøen-kampanjen". Det inneberer at vi på nokre kontrollar tek med oss kampanjemateriell med tips for sjøvett, quiz og lakrisbåtar til båtførar, avsluttar Bergem-Ohr.

Vi ynskjer alle ein flott og trygg sommar på sjøen. Ta omsyn til kvarandre og følg reglane som gjeld.

 

Meir informasjon frå sjøen

Om redningsvest (kopi fra lovdata)

Påbodet finn du i lov 26. juni 1998 nr. 47 om fritids- og småbåter (småbåtloven) § 23 a . Bruk av egnet flyteutstyr om bord i båt. Båt omfattar her alle farty og farkostar som oppfyller kravet om i fart. Kajakk/kano, vannskuter, oppblåsbare robåtar og tråbåter er nokre dømer på kva som er ein båt.


Fyrste ledd i paragrafen inneberer ei plikt for alle, i båtar som er mindre enn åtte meter, til å ha på seg egna flyteutstyr når båten er i fart. Båtførar har ansvaret for at born under 15 år har lovpålagt utstyr.

Andre ledd i paragrafen gir heimel til å fastsette forskrift om unntak frå kravet om flyteutstyr, unntaka gjeld der sikkerheita generelt er ivareteken på anna vis. Unntaka er fastsette i forskrift 27. april 2015 nr. 409 om unntak fra kravet til bruk av flyteutstyr på fritidsbåter. Desse unntaka er for personar i tråbåt eller robåt (utleiebåt) på innsjøar som er mindre enn 0,5 kvadratkilometer eller på eit avgrensa område inntil 500 meter frå land. Unntaka gjeld også personar som deltek i organisert idrett eller konkurransar. Det er då ei forutsetning at sikkerhetsbestemmelsane som er vedtekne av den respektive idrettsorganisasjonen vert fulgt.

Aktuelle kjelder elles til artikkelen:

 

 

Ombord hos KV Njord - to polititjenestemenn
I sommer vil vi vere med på samkontroller om bord hos Kystvakta KV/Njord