- Planane var delte i ein chat på nettet. Dei vart avdekka som resultat av eit internasjonalt politisamarbeid som allereie er etablert og vi kan fastslå at situasjonen no er heilt avklara slik at alle kan kjenne seg trygge, seier politiinspektør Oddbjørn Solheim som er driftseiningsleiar for politiet på Sunnmøre.

Solheim opplyser at dei to gutane i avhøyr på Statens barnehus, har avvist at dette var reelle planar, men leik frå deira side.

 - Ut frå dei opplysningane som låg føre og med bakgrunn i erfaring vi har frå andre liknande saker, har politiet likevel behandla denne saka med det største alvor, seier Solheim.

Politiinspektør Elin Drønnen som påtaleleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, seier at saka uansett vil bli lagt bort av politiet.

– Dei to elevane er begge under den kriminelle lavalderen slik at dei ikkje kan straffast. Men politiet har likevel ei etterforskingsplikt i slike saker, seier Drønnen.

Politiet hadde søndag ettermiddag i samarbeid med Herøy kommune eit møte med foreldra til dei elevane som berørte i saka.

Saman med politiet, følgjer ei tverrfagleg arbeidsgruppe i Herøy kommune fortløpande opp saka. Denne arbeidsgruppa består av kommunedirektør, representantar frå helse, oppvekst, barnevern og politisk leiing.

 - Vi ser svært alvorleg på det som er kome fram. Politiet har gjort eit grundig og godt etterforskingsarbeid som har sikra at situasjonen vart oppdaga, seier kommunedirektør i Herøy kommune, Trond Arne Aglen.

Alle partar i saka er elevar og tilsette ved Ytre Herøy ungdomsskule, og dei vert ivaretekne og følgde opp.

Ved skulestart vert informasjon sendt ut til alle heimane. Såleis vert foreldre og elevar følgde opp vidare med informasjon på skule og på foreldremøte ved skulestart. Det vert høve til å stille spørsmål, og elevane får tilbod om å snakke med nokon dersom dei kjenner seg utrygge.

 - Vår viktigaste hovudoppgåve no, er å trygge foreldra og dei elevane som skal starte på att til nytt skuleår. Herøyskulen skal vere ein trygg arena, og vi gjer det vi kan for at ingen skal kjenne seg usikre for å gå på skulen, seier kommunalsjef for oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy.

 

Kontaktinformasjon:

Trond Arne Aglen, kommunedirektør, Herøy kommune.

Tlf. 932 67 684

 

Oddbjørn Solheim, driftseiningsleiar for politiet på Sunnmøre

Tlf. 934 18 956