Innfører opphaldsforbod på Haramsøya
Møre og Romsdal politidistrikt ser seg nøydd til innføre eit opphaldsforbod i samband med vindkraftutbygginga på Haramsøy i Ålesund kommune.
– Bakgrunnen for forbodet er at det i lengre tid og i fleire høve, har vore ferdsel og annan aktivitet som har hindra vindkraftutbygginga. Særskildt har dette vore retta mot anleggsverksemda på fjellplatået, seier politistasjonssjef Oddbjørn Solheim.
Fakta: Opphaldsforbod
- Forbodet gjeld frå 24. august kl 00.00 til 24. september 2020 kl 00.00.
- Forbodet gjeld berre når det er anleggsverksemd:
- Mandag: kl 1130 -1900,
- Tysdag: kl 0700-1900,
- Onsdag: kl 0700-1900 og
- Torsdag kl 0700 – 1500.
Solheim seier at ein hadde håpa at det ikkje skulle bli naudsynt å innføre eit så inngripande tiltak.
– Men dei siste dagane har vi sett at det held fram slik det gjorde då anleggsarbeidarane tok ferie, med aksjonar som hindrar entrepenøren sitt arbeid i vindparkområdet, seier stasjonssjefen.
Høgoppløyst kart med grensene for opphaldsforbodet og vedtaket med kartkoordinatar finn du nederst i denne artikkelen.
- Eit opphaldsforbod er inngripande mot allemannsretten, men vi har lagt vekt på at det ikkje skal vere meir omfattande enn høgst naudsynt. Derfor vil forbodet gjelde berre når det er anleggsarbeid i gang. Det betyr at folket på Haramsøya vil kunne bruke rekreasjonsområda fritt fra tidleg torsdag ettermiddag og heilt fram til mandag føremiddag. Det same gjeld om kveldane tidleg i veka, seier Oddbjørn Solheim.
Opphaldsforbodet vert innført mandag 24. august kl 00.00 og gjeld førebels for ein månad framover.
Dersom ein ikkje etterlever opphaldsforbodet vil ein kunne bøteleggast etter politilovas § 30, nr. 1, jf § 7 og storleiken på bøtene vil då ligge på rundt 8 000 kroner.
Opphaldsforbod_haramsøya_190820