Illustrasjon av Haramsøya

- Då entreprenøren klokka 19.00 onsdag 23. september avslutta dagens arbeidsykt, hadde ikkje politiet registrert eitt einaste brot på opphaldsforbodet gjennom ein heil månad, seier politimeister Ingar Bøen.

Politimeisteren seier at når forbodet har vorte respektert, ser han ingen grunn til å avgrense ålmenta sin rett til å bruke fjellet.

- For oss er det viktig at vi ikkje set i verk tiltak som er meir inngripande enn høgst nødvendig, held Bøen fram.

Når no opphaldsforbodet ikkje gjeld lenger, er det viktig for politiet å understreke at ein i tida framover ikkje vil akseptere at anleggsarbeidet vert hindra.

- Og det gjeld anleggsarbeidet i vid forstand, til dømes at det er fri ferdsel for anleggskøyrety på veg til og frå anleggsområdet, seier Bøen.

Skulle det igjen bli aksjonar som hindrar lovleg arbeid og fri ferdsel, vil politiet med ein gong gripe inn med sanksjonar. Det kan dreie seg om bøtelegging, men også kortare opphaldsforbod retta med enkeltpersonar som er særleg aktive.

- Dersom vi framover opplever at hindringa av den lovlege verksemda knytt til bygging av vindturbinar tek seg oppatt, vil vi også måtte vurdere å innføre opphaldsforbod igjen, seier politimeisteren.

Det var 24. august i år at Møre og Romsdal politidistrikt sette i verk eit opphaldforbod på delar at Haramsøya, etter ein sommar med stadig hindring av anleggsarbeidet og den frie ferdselen på øya.

- Eit opphaldsforbod er eit inngripande tiltak mot allemannsretten, men vi fann det likevel naudsynt å gjere det slik. Og vi valde å la forbodet gjelde berre i arbeidstida, slik at fjellet kunne brukast til rekreasjon i ei lang helg og på kveldstid, seier Bøen.

Natt til torsdag går opphaldsforbodet ut. Politimeisteren har no altså avgjort at det førebels ikkje skal erstattast av noko nytt forbod.