I samband med utbygginga av vindkraftanlegget på Haramsøy er det særleg to problemstillingar som det har vore fokusert på. Den eine problemstillinga er om det skal skje ei utbygging. Den andre problemstillinga er om utbyggjar har rett til å bruke fjellvegen, her under om politiet kan fjerne ei motorvogn som blokkerte vegen.

Kven disponerer fjellvegen?

Politiet legg til grunn avgjerda frå Nordre Sunnmøre jordskifterett i 1983 om at Haram/Ulla veglag har disposisjonsretten over fjellvegen på Haramsøy. Når veglaget skriftleg ber om at vi skal fjerne køyrety som hindrar lovleg ferdsel, meiner vi å vere på heilt trygg grunn juridisk.

Dei einskilde grunneigarane har gjennom avgjerda i jordskifteretten den gongen, vorte pålagde å gi frå seg disposisjonsretten.

Utbyggar har bruksrett

Det er inngått avtalar mellom utbyggar og veglaget om at utbyggjarhar bruksrett til vegen i samband med vindkraftutbygginga.

Ein av situasjonane som har skapt støy, er fjerninga av bilen som sperra fjellvegen. Politiet måisamband med alle oppdrag ta stilling til  om dei underliggande føresetnadane for eit vedtak er til stades. I denne konkrete saka måttepolitiet difor ta stilling til spørsmålet om disposisjonsrettfør vi kunne ta stilling til kravet om at motorvogna som sperra vegen kunne fjernast. Vi kan ikkje la vere å handle fordi spørsmålet er omstridd. Men her som elles må vi vere audmjuke for at andre kan ha ei anna oppfatning enn oss.

Men dette viser også tydeleg av detikkje snakk om ein kamp mellom politiet og folketpå Haramsøy. Folket på øya er delte i to leirar når det gjeld utbygginga og det ermellom anna veglaget saman med utbyggjarsom badoss om å gripe inn då vegen vart blokkert for loveleg ferdsel.Tek ikkje standpunkti utbyggingssakaPolitiet tek ikkje standpunkt i utbyggingssaka. Innerst innetrur vi heller ikkje at folk ynskjer seg eit politi som på vilkårleg vis overprøver lovlege vedtak som er gjorde av kompetente statlege organ. Vi held oss til lovelege vedtak og konsesjonar som er gitt. Gjer vi ikkje det – då har vi fått ein politistat.Ingen ynskjer eit politi som er likegyldige til politiske vedtak.I dette ligg det at på same måte som vi rettar oss etter den konsesjonen som er gitt, vil vi også rette oss etterei stoppordre frå lovleg styremakt eller domstol.Viss konsesjonen blir trekt tilbake, vil vi sjølvsagt sjå til at utbyggjar stoppar arbeidet.Slik er det og slik mådet vere. Noko anna ville vere ein politistat.

Nyleg har eit samrøystes fylkesting vedteke å be statsråden om å stoppe vindkraftutbygginga. Politiet kan ikkje agere etter eit slikt vedtak frå fylkestinget. Dette vedtaket har ingen innverknad på kor vidt konsesjonen er lovleg eller ikkje. Det ville ha skapt ein heilt umogleg situasjon om politiet gjekk mot statsråden fordi fylkestinget var usamd med statsråden. Politiet kan ikkje overprøve andre statlege organ sine vedtak.

Politiet ber sjølv kostnaden

Etter aksjonen sist torsdag, har det dukka opp nokre spørsmål som vi meir enn gjerne skal svare på.

Eitt av dei er kva budsjett som blir brukt og om det er utbyggar som betalar for politiinnsatsen.

Det er ikkje uvanleg at politiet pålegg ein arrangør å betale for politivakthald. AaFK betaler for politivakt på aller heimekampane. Det same gjer MFK.Mange av festivalane som vert arrangert i sommarhalvåret betaler for politivakthald. I slike situasjonar er betaling av politivakt eit vilkår for at arrangøren kan gjennomføre arrangementet.

La det vere heilt klart ati samband med aksjonen på Haramsøy erdet politiet sitt budsjett som dekker alle politi-utgifter. Politiet tek seg aldri –ut frå openberre prinsipielle grunnar -betalt frå utanforstårande  for å utføre slikt politiarbeid. Etaten bestemmer sjølv når ein skal gripe inn i ein situasjon og kor mykje ressursar som skal brukast.

Allemannsretten gjeld

Vi har også fått spørsmål om korleis vi vil rydde opp i den litt forvirrande situasjonen som oppstod omkring ferdsel  på Haramsfjellet rett før helga.

Til det er å seie at vi ikkje har nokon heimel til å gripe inn i der. Dette er noko utbyggar må rydde opp i og vi har gitt utbyggar klar beskjed om uheldige formuleringar på eitinformasjonsskilt. Dette har utbyggar lova å klare opp i og det har vi tiltru til at dei gjer.  Og for å gjere det heilt klart: Allemannsretten gjeld.

Stort engasjement

Det er stort engasjement rundt utbyggingav vindkraft no –ikkje minst i sosiale media. Mange har også vendt seg til politiet gjennom mange ulike plattformer.Vi greier ikkje å svare alle, men håparatdette vesle forsøket på å klare opp i nokre spørsmål, skal vere godt nok svar til ein del av dei som har teke kontakt.

Vegen vidare

For oss som arbeider i politiet er det utfordrande å stå i ein situasjon der det er "vanlege" folk  med stort samfunnsengasjement som utfordrar tenesteutøvinga vår. Mange i politiet er slettikkje for ei utbygging på fjellet på Haramsøy. Som politifolk må vilikevelklare å skilje mellom våre personlege oppfatningar og pliktene som tilsette i politiet.På same måte forventar vi at innbyggjarane våre greier å skilje rollene våre.

Vi håper at vi framover kan ha eit godt og avklart forhold til alle på Haramsøy, både dei som er for og dei som er mot utbygginga på fjellet.