SPØRSMÅL: Må vi kome til politistasjonen for å få svar på spørsmål?

Vi har lagt vekt på å ha ein god gjensidig dialog både med utbyggar, aksjonistar og andre undervegs. Men vi har ikkje hatt kapasitet til å ta kontakt med kvar einskild. Det har likevel vore jamnt med møter med ulike partar til dømes via videokonferansar. Korona og smittvernsrestriksjonar gjer det ekstra utfordrande å samlast. Etter sommarferien har vi etterkvart fått svart ut ein del av dei mange breva som har kome inn, men vi vil ikkje ha kapasitet til å svare samtlege. Dette har vi løyst med å lage denne nettsida og gjennom blant anna lesarinnlegg til lokalavisene tidlegare i sommar. 

SPØRSMÅL: Kva er status no? Kjem eit nytt opphaldsforbod (ny 7. oktober 2020).

Etter de fire første dagene med ordinær anleggsdrift på Haramsfjellet kombinert med fri ferdsel, oppsummerte politiet situasjonen fredag 2. oktober som bekymringsfull. Politiet baserte dette på fleire konkrete observasjonar frå politimannskapa gjennom dei fire fyrste ordinære arbeidsdagane, samt den oppsummerande rapporten dei ga då arbeidsveka var over.  Fredag ettermiddag den 2. oktober vart det formidla bekymring på nettsidene til politiet og i ein post på Facebooksida til Nettpatruljen i Møre og Romsdal politidistrikt. 

I tilbakemeldingane politiet fekk gjennom helga var det klart at fleire ikkje kjente seg igjen i det som vart formidla. Det er forståeleg nok, men det som låg til grunn for bekymringa til politiet var basert på politiets sine eigne observasjonar. Dei fyrste arbeidsdagane denne veka har politiet brukt til møter og anna oppfølging med fleire partar som er involvert. Som vi har vore tydelege på tidlegere, så tek politiet ikkje stilling til for eller i mot, og vi ynskjer å vere både objektive og nøytrale i utføringa av vårt oppdrag. I kommunikasjonen vi no har med alle partar så er det tilkjennegitt frå fleire eit forbetringspotensiale i den direkte kontakta som oppstår, mellom dei som er i anlegget på fjellet og dei som ofte ferdast der på dagtid. Politiet kjem til å vere endå tettare på for å sikre trygg ferdsel for alle.

Vi ynskjer framleis å unngå at det må settast i verk eit nytt opphaldsforbod på delar av øya med utgangspunkt i sikkerheitsproblematikk. Heldigvis har starten av denne veka vore positivt prega. Dei som er oppe på Haramsfjellet ser no ut til å halde langt betre avstand til kvarandre.

SPØRSMÅL: Kvifor brukar politiet så mykje ressursar? Kva budsjett dekkjer at politiet er så mykje på Haramsøy? Kvifor kjem dokke med så mykje folk ? Går ressursbruken utover andre tenester?

Når det gjeld ressursbruk legg politiet til grunn at vedtaket om å vindkraftanlegget er lovleg. Då har politiet plikt til å syte for at anleggsarb-eidet kan skje utan hinder. Vi må rette oss etter den konsesjonen som er gjeven. Vi vil også rette oss etter ei eventuell stoppordre frå lovleg styremakt eller domstol. Politiet kan ikkje ta side i sak.

Når ein situasjon ein stad krev det, kan vi flytte på ressursar i politidistriktet på ein heilt annan måte enn tidlegare, også på tvers av politidistrikt.

Ressursbruk vert avpassa til oppgåvene som skal løysast . Møre og Romsdal politidistrikt sitt budsjett dekkjer alle politiutgifter på Haramsøy. Politiet tek seg aldri, ut frå prinsipielle grunnar, betalt frå utanforståande for å utføre politiarbeidet det her er snakk om.

Gjennomgåande er det likevel at dei som bur på Haramsøya i stort monn har følgt råd og frå politiet. Dette står det stor respekt av og vi er heilt samde i at aksjonane som har vore gjennomført har vore fredelege.

For alle si sikkerheit har det likevel vore best at vi har vore til stades. Det vi har erfart er at når vi er borte frå øya, har lovleg ferdsel til Haramsfjellet og til tider også på ferjene vorte hindra.  Vi har også hatt fleire episodar som har gitt utfordringar opp mot sikkerheita til aksjonstar og anleggsarbeidarar. I media har det framkome at det også har vore trusselepisodar i andre politidistrikt som er knytt til utbygginga på Haramsøya.

Når det gjeld entreprenørane sin bruk av til dømes anleggsmaskiner som fleire har spurt om, så følger politiet situasjonen og opprettar sak der ein finn dette naudsynt.   

SPØRSMÅL: Kvifor er politiet så mange når det har vore aksjonar?

Når det gjeld aksjonar har dei fleste av desse vore av ein karakter og omfang som krev ekstra mannskap. Vi må dimensjonere for ei sikker handtering for alle, ut frå scenario som aksjonistane førespeglar oss i forkant. Til dømes må dei som ikkje vil halde seg til pålegg dei får frå politiet berast vekk. Då ser politiet det som meir sikkert å ha fleire polititenestemenn per person for at dette skal skje så skånsamt som mogleg.

Men arbeidsdagen med vaktskifter vert lagt inn og når hendinga er ute på Haramsøy så gir dette nokre ekstra utfordringar. Slik har vi også til dømes fått lov å låne ein bobil frå Oslo politidistrikt til fri bruk.

11. juni då aksjonen gjekk over lang tid, vart det også til dømes eit vaktskifte for politimannskapa, og i ei periode på ettermiddagen tilsynelatande ekstra mange på.

Sjå også faktaboks om korleis politiet arbeider under ein aksjon i koronatider.

SPØRSMÅL: Kva er lov og ikkje lov under ein aksjon?

Sjå meir om temaet i eiga sak publisert 15. september.

SPØRSMÅL: Kvifor fyllte politiet redningskøyta med mannskap den 11. juni?

Når det gjeld redningsskøyta så vart det i mai 2020 inngått fornya avtale som gir politiet tilgang på redningsskøytene ved akutte politioppdrag.

SPØRSMÅL: Kvifor held politiet fram med å vere på Haramsøy sjølv om fylkestinget har vedteke å be statsråden om å stoppe vindkraftutbygginga? Kvifor stoppar ikkje politiet opp sitt oppdrag, når kommunen vedtek å gi støtte til ei rettsak?

Sjølv om til dømes eit samrøystes fylkesting vedtek å be statsråden om å stoppe vindkraftutbygginga, så kan ikkje politiet agere etter eit slikt vedtak. Eit vedtak frå fylkestinget har ingen innverknad på kor vidt konsesjonen er lovleg eller ikkje. Det ville ha skapt ein heilt umogleg situasjon om politiet gjekk mot ein statsråd fordi fylkestinget eller ei kommune var usamd med statsråden. Politiet kan ikkje overprøve andre statlege organ sine vedtak.

SPØRSMÅL: Kva vurderingar ligg bak når politiet har gått inn i aksjonar i sona Fjellvegen? Kven er grunneigarar og kven har disponsrett?

Utgangspunktet i dei sjølvstendige vurderingane som politiet har gjort i denne saka er grunneigarar oppført i Matrikkelen (oversikt fast eigedom) og grunnboka (rettar i eigedom). Dette er søkbart for alle.

Politiet legg også til grunn avgjerda frå Nordre Sunnmøre jordskifterett i 1983 om at Haram/Ulla veglag med sine medlemmar har disposisjonsrett over fjellvegen på Haramsøy. Grunneigarane vart gjennom avgjerda i jordskifteretten pålagde å gi frå seg disposisjonsretten. Så er det inngått avtalar mellom utbyggar og veglaget om at utbyggar har bruksrett til vegen i samanheng med vindkraftutbygginga. Mellom partane er det også oppretta særskilt avtale i 2011 og 2018 jf. jordskiftedomen 20. juni 1983 som har signatur frå alle medlemmane i veglaget. Etter dette er det ikkje uavklarte tilhøve rundt rettigheitene på Haramsfjellvegen som har vore til hinder for anleggsstart etter opplysningane vi har.

Når Haram og Ulla veglag skriftleg ber om at politiet skal fjerne bilar, andre køyrety eller gjenstandar som hindrar lovleg ferdsel er dette godt juridisk vurdert, ut i frå dei opplysningane vi har. Pålegg gitt har vore i medhald av politilova § 7 jf. vegtrafikklova § 37.

 

Saka er under stadig oppdatering. Sist utført 7. oktober 2020.