Tillit og det å vere trygg

81 % av dei spurte svarar at dei har svært stor eller stor tillit til politiet i vårt distrikt. Det er ein betring på 5 prosentpoeng frå 2019. Særs hyggeleg er det at tilliten også er stor (84%) blant ungdom under 25 år.

I motsett ende av skalaen seier no 6 % at dei har liten eller svært liten tillit, mot 11 % i 2019. På nasjonalt nivå svarar 82 % at dei har tillit til politiet. Vest politidistrikt har fleire år hatt lågare tillit i befolkninga enn landsgjennomsnittet, men vi ser no ei positiv utvikling som vi skal jobbe for at fortsetter.

Forstørr biletet Grafen syner prosentandelen av innbyggjarane i Vest politidistrikt som har svært stor eller stor tillit til politiet frå 2015 til 2020.
Grafen syner prosentandelen av innbyggjarane i Vest politidistrikt som har svært stor eller stor tillit til politiet frå 2015 til 2020

94 % av innbyggjarane seier at dei føler seg trygg der dei bur og ferdast. Dette talet har vert på same, høge nivå dei siste åra. Det er liten skilnad mellom kjønn, alder og utdanningsnivå. Vest politidistrikt har saman med Troms, Trøndelag, Agder og Sør-øst politidistrikt innbyggjarar som føler seg tryggast i landet.

På nasjonalt nivå viser analyse av tala at det er ulik oppfatning av tryggleik avhengig av kor den enkelte bur. Det har skjedd ei endring frå 2015, då det var liten skilnad knytt til kommunestørrelse, og til 2019 og 2020. No gjer dei som bur i mindre kommunar (under 5000 innbyggjarar) uttrykk for at dei har litt lågare kjensle av tryggleik enn dei som bur i større kommunar.

Det er ikkje gjort ein tilsvarande analyse på tala frå vårt politidistrikt, men det er grunn til å tro at det er tilsvarande forskjell også her.
Framover må vi fortsatt gjere folk trygg på at politiet kan gje dei hjelp når dei behøver det, både fysisk og digitalt, uavhengig av kor dei bur i distriktet vårt. I politidistriktet er det no fleire kommunar som har fått døgnkontinuerlig patruljeteneste, vi har styrka politiet på internett (Nettpatruljen) og vi har kompetente etterforskingsmiljø som kan handtere også den grove og komplekse kriminaliteten i heile politidistriktet.

I noko grad bekymra for å bli utsett for ulike hendingar

Innbyggjarane i Vest politidistrikt er mest bekymra for å bli utsett for trafikkfarlege hendingar. 22 % seier dei er i ganske stor grad bekymra for det og 6 % er i svært stor grad bekymra. 36 % er i liten grad bekymra for å bli utsett for trafikkfarlege hendingar. I vårt politidistrikt er ikkje dette så overraskande og tala har vært stabile dei siste åra. Samstundes gjer 71 % av dei spurte uttrykk for at dei meiner politiet handterer slike hendingar godt.

Innbyggjarane er og bekymra for å bli utsett for identitetstjuveri og svindel og bedrageri på internett.
30 % av dei spurte seier dei i ganske stor grad eller svært stor grad (8 %) er bekymra for å bli utsett for id-tjuveri. Talet har vore stabilt siste tre år. Berre 38 % har tiltru til at politiet handterer slike sakar på ein god måte, men andelen har gått opp siste år.

34 % er i ganske stor grad eller svært stor grad (10 %) bekymra for å bli utsett for svindel og bedrageri på internett og berre 34 % har tiltru til at politiet handterer slike sakar på ein god måte.
Til samanlikning er 15 % bekymra for å bli utsett for anna svindel, bedrageri og anna økonomisk kriminalitet, medan tiltrua til politiet sin handtering er på 44 %.

Generelt meir positiv tilbakemelding frå innbyggjarane

Vest politidistrikt har fått betre tilbakemelding i denne undersøkinga samanlikna med tidlegere år og har gått opp eit par poeng på dei fleste kategoriane. Det håpar vi er resultat av dagleg godt arbeid og openheit om kva vi kan få til med dei samla ressursane vi har i distriktet.
Ei av dei ressursane er Nettpatruljen, som no har vore operativ i litt over eit år. Vi meiner det kan ha verka positivt på innbyggjaranes oppfatning av vår evne til å handtere mobbing og trakassering på nett. 31 % har svært god eller god tiltru til politiet sin evne og det er opp 6 prosentpoeng frå 2019. Tala er fortsatt for lave, og på nasjonalt nivå, men det er positivt at tiltrua er høgast hos hovudmålgruppa, dei under 25 år (42 %).

Les hele undersøkelsen

Om undersøkinga

Undersøkinga er utført av Norsk Gallup, på vegne av Kantar.

Det er gjennomført til saman 8000 intervju (1400 i Oslo politidistrikt og 600 i dei andre distrikta) i tidsrommet 31. august – 12. november 2020.