Begge dei to kvinnene som var sakna er no funne omkomne.

Søndag føremiddag 24. januar gjekk krimteknikarar frå Møre og Romsdal politidistrikt inn og held fram med sine undersøkingar av branntomta i Steinvågvegen 43 B, vest på Aspøy i Ålesund sentrum.

Laurdag kveld gjekk politiet ut med ei pressemelding der det vart formidla at to vaksne kvinner i familie med kvarandre var sakna frå ei av leiligheitene. Dette var basert på opplysningar som vart innhenta frå pårørande og vitner.

Seinare laurdag kveld informerte innsatsleiar på staden at det var gjort funn av ein død person i ruinane av huset. Det var den eine kvinna. Den andre kvinna var enno sakna. Krimteknikarane avslutta sitt arbeid på staden rundt klokka 24.00.

Like før klokka 11.00 søndag føremiddag vart det meldt om eit nytt funn. Dette var funn av den andre kvinna som var sakna. Pårørande er varsla.

Så langt er det ingen grunn til å mistenke noko kriminelt og det må utførast fleire undersøkingar før politiet kan seie noko meir om brannårsaka.

 

Frå pressemeldinga laurdag 23. januar 2021:

Klokka 05.45 laurdag morgon fekk politiet inn melding om brann i Steinvågvegen 43 B, vest på Aspøy i Ålesund sentrum. Det vart løyst ut trippelvarsling og naudetatane var raskt på staden.

Fleire personar vart berga ut fra bygninga og i alt vart 33 personar evakuert. Ni av desse vart evakuert frå Steinvågvegen 43 A og B. Dei andre 24 vart evakuert frå nærliggande bustadar.

Fem personar vart frakta til Ålesund sjukehus. Tre av desse fekk etter helsesjekk status som uskada/lettare skada og er skrivne ut. To er enno på sjukehuset til observasjon for lettare/moderate skader.

Status for dei evakuerte no i kveld er at dei fleste har fått flytta tilbake. Men dei som bur i Steinvågvegen 43 A og Steinvågvegen 43 B er enno evakuert.  Til saman åtte personar får bistand frå Ålesund kommune.

To personar er sakna frå bustaden som brann, og politiet fryktar at desse er omkomne. Dette er basert på opplysningar som er innhenta frå pårørande og vitner. Dei sakna er to vaksne kvinner som er i familie med kvarandre, og dei er sakna frå same leiligheit. Pårørande er varsla.

Laurdag kveld er det enno god varme på staden, men brannen er sløkt. Kriminalteknikarar undersøker, men det er ikkje mogleg å gå inn på sjølve staden no. Arbeidet på arnestaden vil starte så snart det er mogleg. Det er gjennomført avhøyr av fleire vitner som var i bustaden, samt andre som var i nærleiken.

Det vert sett i verk tiltak for å sikre staden i Steinvågvegen, og det vert blant anna riving av nokre ustødige veggar.