Lokala må vere funksjonelle til føremålet. Dei må ha alminneleg god standard og effektiv arealutnytting med god fleksibilitet. Det må også vere høve for større gulvareal og gode høgder under taket, møte- og kontorfasilitetar. Lokasjonen bør vere inntil ein time reiseveg fra Ålesund sentrum.

Det er ynskje om å leige cirka 500 M2 (ekskl. eventuell parkering).  Lokala må vere innflyttingsklare seinast medio april 2021.

Innleigeprosessen fylger Statens instruks for leige av lokaler. Marknadsundersøkinga vil vere retningsgivande for val av videre strategi for ein eventuell anskaffelse. For det tilfelle at ein tek ei avgjersle om å gjennomføre ein konkurranse vil utvalgte interessentar verte invitert med vidare i prosessen.

Interessentar kan melde inn sitt alternativ innan 5. mars 2021 til Politiets Fellestjenester, v/ cecilie.axelsen.baer @politiet.no ved å sende inn prospekt for tilbudte lokaler. 

Føringane over skal utgreiast av interessentane. I tillegg ber vi interessenten om uforpliktande å estimere pris per kvadratmeter basert på ei leigetid på 2 år med høve for opsjon, ta då omsyn til at politiet ikkje er meriverdiavgiftspliktige.