Foto: Frå fjellpartiet under Fingeren på Standalseidet februar 2021.
Frå fjellpartiet under Fingeren på Standalseidet februar 2021.
FotoPolitiet.

Statistikk frå NGI viser at ni skikøyrarar døde i Norge knytt til snøskred vinteren 2018/2019. Ein av disse vart tekne i eit skikøyrarutløyst snøskred på Sunnmøre. Ein skikøyrar døde i skred vinteren 2019/2020 og denne vart teken eit skred i Romsdal. Ut februar 2021 er det hittil registrert fire dødsulykker med skikøyrarar/turgåarar i fastlands-Noreg (samt to på Jan Mayen). Så langt er dermed ingen skredtekne med alvorleg utgang i Møre og Romsdal, men no er vi på veg inn i vårskisesongen der erfaringsmessig flest vert ramma. Sjå meir om temaet på varsom.no sine nettsider.

Skikompis er namnet på kampanjen der filmar med skredtips og råd framover vert publisert på sosiale media. Politiet er ikkje ekspertar på snø, men det er politiet som styrer redningsarbeidet og ressursane lokalt om skred går. I utforminga av bodskapen bidreg derfor skredgruppene til Norges Røde Kors Hjelpekorps, Norsk Folkehjelp Sanitet, Norske Redningshunder, luftambulansetenesta og brannvesen. Det vil seie instansane som er med i det akutte redningsarbeidet. Med på laget er også Varsom.no (NVE) og Christer Lundberg Nes som er forfattar av Skikompisboka, til hjelp med formuleringar som stemmer med faguttrykka toppturentusiastar nyttar.

I motsetning til i mars i fjor med første bylgja av korona, vil det truleg framover vere betre høve til å reiser utanfor kommunen der ein bur. Dermed forventar vi meir folk i fjellet, og vi synes det er fint at folk kjem seg på ski. Men vi oppfordrar innstendig om at det vert teke kloke val både i planlegginga, undervegs og ned frå topptur. Her vil vi rose alle dei som så langt i vinter har meldt frå til politiet ved utløyste skred. Slike varsel om skred som har gått gjer at politiet lokalt og saman med Hovudredningssentralen får vurdert situasjonen. Aksjonar kan då enten settast i gang eller dei kan verte avblåst utan at ressursar vert sett inn. På den måten står dei faktiske ressursane klare til dei alvorlege situasjonane der det verkeleg gjeld og husk at det kostar ingenting å seie frå i Noreg til naudetatane.


Det er fint om flest mogleg også deler av mindre bra erfaringar når skred vert utløyst. Det gjer ein ved å legge dette inn i regobs.no. Dette er ein kunnskapsbase til nytte for alle som arbeidar førebyggande med skred. Så oppfordrar vi i politiet toppturentusiastar om å engasjere seg i det frivillige arbeidet til skredgruppene. Dei tek meir enn gjerne imot nye rekruttar i form av erfarne skifolk. Vi i politiet er svært takknemlege for at vi i vårt politidistrikt har så dyktige fagfolk og kompetente frivillige å spele på når eit skred går og det står om minutt. Til fleire å spele på, til betre er det.

Skredtriangelet Brattlien
Skredtriangelet Brattlien

Gjennomgåande bodskap i #Skikompis-kampanjen

  • Godt skiføre og skredfare heng saman med dine val og tre faktorer:
    1) Terrenget.
    2) Vèret.
    3) Snøen (snødekket).
    Det er berre valg av terreng og måten du ferdast på i terrenget som du kan gjere noko med.
  • Folk må meir enn gjerne kome seg ut på tur! Men skal du på topptur då må du vere bevisst på:
    - Kvar er den trygge lina med den beste snøen?
    - Terrengfeller?
    - Fareteikn?
    - Sjekk varselet på Varsom.no!
  • Skal du inn i skredterreng – ta kloke val i planlegging og undervegs. Lokale tilhøve kan avvike frå det som står på varsom.no. Følg derfor med over tid på vèr, vind og snødekkehistorikk i forkant av sjølve turen. De lokale tilhøva kan vere komplekse og avvike frå det som står på varsom.no og andre varsel.
  • Ikkje ta sjansar. Vurdere alltid om det finst eit tryggare terreng, der du får like stort og kanskje endå betre utbytte i form av skiglede.

God tur

Meir skredstatistikk og fakta på Varsom.no (NVE)