Førelegget knytt seg til brot på drikkevassforskrifta, under dette manglande implementering av prøvetaking og manglande internkontroll. Det er ikkje grunnlag for å straffeforfølge enkeltpersonar eller Mattilsynet.

Bakgrunn for saka:

I byrjinga av juni 2019 byrja folk på Askøy å bli sjuke i form av mage og tarminfeksjonar. Utover torsdag 6. juni 2016 blei det klart at smitta var via vatn med primærsone Kleppe vassverk og Øvre kleppe som tok imot vatn levert frå høgdebasseng HB168. Kokevarsel blei sendt ut i løpet av ettermiddagen, og ei rekke andre tiltak var sett i verk, mellom anna naudkloring. Fredag 7. juni 2019 var det rimeleg sikkert at forureining stamma frå HB 168, som blei stengt og fasa ut. Same dag oppretta politiet undersøkingssak. I løpet av tysdag 11. juni 2019 blei det konstatert funn av bakteriane Campylobacter jejuni i prøvane teken 6. og 7. juni, tilsvarande det som var funnen i pasientar som var innlagt, og saka gjekk over til vanleg etterforsking onsdag 12. juni 2019.

Over 2000 personar har rapportert inn om mage/tarmplager etter utbrotet, og 75 personar (59 vaksne og 16 barn) var innlagt på sjukehus til behandling. Smitteutbrotet synast å ha opphøyr kring 19. juni 2019.

Politiet si etterforsking og vurdering

Politiet har avhøyrd rundt 14 personar i Askøy kommune, samt føreteke rundspørjing etc. og støtta med søk med hund for å avdekke moglege forureinings-kjelder. Det er innhenta mykje dokumentasjon. Politiet har hatt dialog med Askøy kommune og Mattilsynet og har fått det vi har bede om.

Alt indikerer at smitten har kome via innsig av vatn med forureining frå vegger og tak i høgdebassenget via sprekker. Etter at bassenget var stengt og tømt sommaren 2019 blei det konstatert innsig av vatn. Smitteårsak synast å vere avføring frå fuglar eller dyr. Campylobacter er sjukdomsframkallande hos menneske, og det treng ikkje å vere mange bakteriane som skal til. Inkubasjonstida er ca. 1 til 10 dagar, noko som indikerer at bakteriane er kome ved utvasking i slutten av mai/byrjinga av juni i regnvêrsperioden, som kom etter lengre tørkeperiode.

Både Mattilsynet og andre instansar som har vore inne og vurdert er av oppfatning at Askøy kommune leverte reint drikkevatn både før og etter smitteutbrotet. Mange kokevarslar i forkant av juni 2019 var meir "føre var" varsel, enn at det var feil ved drikkevatnet. Askøy kommune si oppfølging når smitte først er konstatert er det heller ikkje noko å seie på.

Høgdebasseng HB 168 var likevel vurdert som risikofylt då det blei bygd i 1965 grunna lite overdekking. Ved synfaring etter 7. juni 2019 kunne politiet også konstatere opningar i mur som gav moglegheit for smådyr og fuglar å ta seg inn.

Allereie i juni 2011 blei det også bestemt å legge inn prøvetaking av vatn frå HB168 (etter synfaring med Mattilsynet 4. mai 2010), men utan at dette blei implementert og gjennomført. Ei slik prøvetaking kunne gitt varsel om innsig og utfasing av høgdebassenget på et langt tidlegare tidspunkt. I tillegg fant politiet lite skrifteleg materiale og internkontroll kring tilsyn og vedlikehald av HB168, samt drift av vassbehandlingsanlegget. Manglande prøvetaking, (som var bestemt), samt betre internkontroll kunne derfor medverka til at smitteutbrotet ikkje ville ha skjedd. Smitteutbrotet var stort, og medførte stor belastning for dei som blei sjuke. I tillegg vakte det bekymring nasjonalt og hos våre naboland.

Ut i frå saka si alvor har statsadvokaten landa på at ei bot på kr.1.000.000,- er riktig og påkravd for å hindre tilsvarande hendingar både på Askøy og elles i landet.

Når det gjeld dei to dødsfalla så blei det i perioden for smitteutbrotet registrert to dødsfall ved Haukeland universitetssjukehus, der det hos dei avdøde blei påvist DNA frå bakterien Campylobacter jejuni. Denne bakterien er likevel ikkje akta som den hovudsakelege eller avgjerande dødsårsak hos dei avdøde. Det blei oppretta undersøkingssaker i etterkant av dødsfalla, mellom anna for å avklare om pasientane hadde fått forsvarleg helsehjelp. Fylkesmannen i Vestland har vurdert helsehjelpa dei avdøde fekk og fant ikkje grunnlag for å anbefale vidare etterforsking i sakene. Undersøkingssakene er også no bestemt avslutta, då gjennomførte undersøkingar ikkje gir grunnlag for vidare etterforsking.