Det er ikkje greitt at foreldre kjenner press på at "treig" sykkel er kjipt. Det er heller ikkje greitt at det vert statussymbol å eige og bruke raske elsyklar eller elsparkesykler  

Farta avgjer: Det er stort skadepotensial med raske køyrety og det er ditt ansvar som forelder eller føresatt å sørge for at dine kan og forstår regelverket:

  • Elsyklar som går saktare enn 25 km/t = Sykkel.
    Det er lov til å bruke elsykkel som er å sjå på som sykkel.
  • Elsyklar som går raskare enn 25 km/t er ikkje lenger å sjå på som sykkel, men motorvogn.  Elsparkesyklar raskare enn 20 km/t er heller ikkje ein sykkel, men er også motorvogn. Det er ikkje lov å bruke elsparkesykkel som har påmontert sete.

Det er spesielt tre ting som skil seg ut når det gjeld å bruke elsykkel i staden for ein vanleg type sykkel: Bremsing, tyngde på sykkelen og akselerasjon. Med ei vekt på omlag 20 kilo er også ein normal elsykkel omtrent dobbelt så tung som ein av vanleg type. Dermed vert det spesielt viktig å halde kontroll og justere farta etter tilhøva.

Politiet kan stoppe syklande born for kontroll.  

Lovene og reglar for elsyklar (og også andre type syklar)

På www.lovdata.no kan du søke opp paragrafane og reglane i vegtrafikklova, køyretyforskrifta, trafikkreglane og forskrift om krav til alle type syklar.

Alle som syklar, uansett alder, skal kunne og forstå det som spesielt gjeld:

 

Den som syklar, uansett type sykkel, må avpasse farta på gang- og sykkelveg. Du bør halde høgre side når du som syklist deler vegen med gåande. Kjem syklist frå sykkelveg eller fortau har syklist vikeplikt ved kryssing av veg. Du må gå av sykkelen og gå over gangfeltet om du vil at trafikken (bilane) skal vike for deg.

Sjå også fin side fra vegvesenet om trafikkregler for syklistar.

Mindreårig, foreldreansvar og erstatningsplikt

  • Den kriminelle lågalder i Noreg er 15 år. Det vil seie at personar under 15 år ikkje kan straffast av politiet og domstolane.
  • Dersom førar er under 18 år må foreldra kontaktast og orienterast.
  • Før barnet fyller 15 år er det du som forelder/føresett som har ansvaret. Blant anna kan du verte erstatningspliktig for eventuelle skadar som barnet ditt har forårsaka.

Ved brot på reglane

  • Alle typer sykler kan inndragast. Har sykkelen vorte involvert i ei straffbar handling, kan det kome ei avgjerd om at den vert inndregen av politiet. Då vil du truleg ikkje få den tilbake.
  • Det kan koste pengar! Dersom ein køyrer ein elsykkel og det er to på køyretyet, så kan førar få eit gebyr på kroner 3000 dersom han har fylt 15 år.
  • Det vert stilt krav til utstyr på sykkelen, både til vanlege og elektriske. Om krava til bremser, refleks og lys ikkje er oppfylt kan du verte bøtelagt. For ein elektrisk sykkel er det også krav til motorkraft og virkemåte. Sjølve definisjonen på kva som er lovleg elsykkel og elsparkesykkel står i § 2 i forskrifta om krav til sykkel.
  • Følg skilting: Følg forbodskilt som seier noko om at det ikkje er lov for syklande, syklande og gåande eller for alle køyrety. Brot kan gi gebyr på kroner 1500 dersom fører har fylt 15 år.

Statens Vegvesen godkjenner ikkje syklar, slik som dei gjer med køyretøy som til dømes mopedar. Derfor er det dykk og ingen andre som har ansvar for at elsykkelen er i forskriftsmessig stand og ikkje overstig dei maksimumsgrensene som er sett. Vår erfaring er at ein ikkje utan vidare kan stole på at det som ein kjøper som elsykkel tilfredsstiller desse krava. I tvil? Kontakt trafikkstasjonen til Statens Vegvesen.

Det du må gjere - våre råd

  1. Teikn og forklar: Vis med illustrasjonar kva du meiner om dei ulike lovene og reglane. Sjå også sidene til vegvesenet og blant anna ei brosjyre dei har om trafikkreglane for syklistar.
  2. Vis i praksis Bli med ut i trafikken. Vis korleis reglane virkar der dine ferdast mest.
  3. Godt synleg: Mørkt kledde unge førarar er vanskelege å få auge på når det er mørkt. Lys er påbode! Bruk refleksvest.
  4. Bruk hovudet – bruk alltid hjelm: Alt for mange får hovudskader som følgje av bruk av ulike sykkelfarkostar i høg fart. Ikkje la dine bli del av skadestatistikken.
  5. Ikkje aleine: Skap alliansar og stå saman med andre foreldre. Skap ei samla linje på temaet. Felles tilnærming og felles avtalte avgrensingar er lettare å fronte enn at kvart barn får eige regelsett.