Illustrasjon av film
Ill.foto.hentet fra videosnutt (sjå nederst).

Et vake blikk minimerer risiko. For å handtere og førebygge må butikkane ha opplæring og gode rutiner. Det gjeld også ved tjuveri eller mistanke om forsøk på tjuveri, for pengehandtering og forebygging av tjuveri. Ta nokre minutt og gå gjennom våre råd.

VED BUTIKKTJUVERI

  • Du kan stoppe personen etter siste betalingspunkt.
  • Dersom personen ikkje vert stoppa eller du har mistanke om tjuveri må du notere signalement:
    • Alder, høgde, hårfarge, kroppsbygning, sko og klede.
    • Om det er høve til det, noterer du type køyrety, farge og registreringsnummer.
    • Ser du butikktjuveriet? Bruk alarmrutinen til butikken. Ring 02800 eller tilkall vektarane.
  • Det er lurt å vere fleire når nokon vert stoppa. Husk at di sikkerheit er viktigast!
  • Hald deg roleg, snakk tryggande og ta personen du stoppa til ein skjerma plass.
  • Ikkje la den du har stoppa vere utan tilsyn. Husk at visitering er det politiet som utfører.
  • Alle tjuveri skal meldast til politiet. Fyll ut anmeldelse.
  • Informere tilsette og eigarar om tjuveriet.

FØREBYGGE BUTIKKTJUVERI

  • Ver imøtekomande mot kundane. Få augekontakt og spør om kunden treng hjelp.
  • Gode rutinar og haldningar i butikk = Mindre tjuveri.
  • Ver merksam på kundar som ikkje viser normal oppførsel.
  • Varsle vektarar som det er avtale med og/eller politi ved mistanke om noko straffbart.
  • Sørg for at sikkerheitsløysingar som kamera, alarm og varesikring er OK. Test ofte.

RETTIGHEITER

  • Din butikk er din eigendom. Som tilsett passar du på butikken sine verdiar for eigarane.
  • Det er lov å avvise kundar/personar i din butikk.
  • Ved uhøfleg framferd, rus, tjuveri, truslar mot tilsette eller ved skadeverk, kontakt vektarar som butikken har avtale med eller politiet om naudsynt.

RUTINEDRILL

  • Sikkerhetsrutinane skal sitte. Har du og dine kollegaer diskutert:
  • Kva gjer vi når vi har stoppa en butikktjuv eller ved mistanke om tjuveri?
  • Har vi gode rutiner for handtering av kontantar/veksling?
  • Kan vi rutinen for tøming av kontantar til safe? Den må takast spesielt grundig!

EKSTRAMATERIELL

Sjå liten film på Facebook. 

 

God jul :-)