ill.foto naudpass
Bestill time for fornying av pass i god tid før reise.

Politiet har nasjonalt stramma inn bruken av naudpass. Frå og med 1. januar 2022 er Kristiansund politistasjon og Ålesund politistasjon som kan skrive ut slike naudpass. 

– Innstramminga skjer for å innfri internasjonale sikkerheitskrav. Dette handlar blant anna om å oppretthalde statusen på dei norske passa, slik at alle kan reise visumfritt til dei fleste land.  Dette er også eit viktig sikkerheitstiltak for å hindre at pass og identitet ikkje blir misbrukt, seier Marianne Nørgaard Aae som er driftseiningsleiar innan utlending, forvaltningog sivil rettspleie i Møre og Romsdal politidistrikt. 

Ikkje sats på naudpass!

På grunn av pandemien har volumet på naudpass vorte redusert i takt med lav reiseaktivitet. Den jamne straumen av dei som søkjer fornying av vanlege pass har også gått ned. Etterslepet på fornying av vanlege pass stig framover.

- Forventninga vår ut frå erfaring er at mange på nyåret kan verte for seine med å sjekke utløpsdato på passa sine, spesielt for borna! Med dei nye innskreningane, vil det ikkje verte enkelt å få naudpass, understrekar Nørgaard Aae.

– I tillegg til at tenesta naudpass nasjonalt vert innskrenka til langt færre lokasjonar, minner vi om at det er strenge reglar for i det heile å få mellombels pass. Til dømes dersom ein ved fleire høver dei siste fem åra har fått fleire naudpass, eller har mista eit naudpass, kan prosessen med å få mellombels pass ta tid. Det å støtte seg til naudpass som ei løysing kan med andre ord vere ei risikabel løysing.  Det er også fleire land som ikkje godtek naudpass!

Legg inn passtime før det vert kø

Politiet har ei klar oppfordring til alle som skal reise i 2022:

– Sjekk utløpsdato på eige pass og ikkje minst passa som borna har i dag! Det er ikkje høgsesong på passkontora om vinteren, og det er derfor smart å tinge ein time no før det vert kø til våren, seier Marianne Nørgad Aae. Ho legg til at det i Møre og Romsdal politidistrikt er ei teneste der ein får SMS varsling om passet er utgått. Hovedbodskapen er likevel at du skal sjekke utløpsdato og ordne med fornying av pass i god tid og før alle andre kjem på at dei skal gjere det same.