Passbuss i rute i Møre og Romsdal 2022
Passbussen rullar ut på vegen til fire stoppestader i Møre og Romsdal i januar og i mars.

Først ut var Vanylven 18. januar, deretter Valldal, Rauma og Smøla.
Tenesta kom i gang i fjor haust. Innbyggarane kan bestille time på politiet.no som på eit vanleg pass- og ID-kontor. På same nettstaden finn du også oversikt over køyrerutene.
Slik fungerer mobile pass– og ID kontor
- Innbyggarane kan bestille time på politiet.no.
- Når du legg inn stad eller postnummer i timebestillinga, får du opp næraste kontor. Dersom eit mobilt pass– og ID-kontor har stoppestad i nærleiken, kjem det opp som eit alternativ.
- Det ligg også ei oversikt over køyrerutene på politiet.no som vert oppdaterte fortløpande.
- Søknadsprosessen er den same som på eit vanlig pass- og ID-kontor. Du må ha med passet ditt når du skal søke, sjølv om det er utgått. Dersom du ikkje har pass frå før, må du dokumentere identiteten din på annan måte.
Her er ruta vår vinter og vår 2022
- Rauma politistasjon: Åndalsnes - 20. januar og 21. januar.
Tilbake 24. mars og 25. mars - Smøla rådhus, Rådhusveien 14-16, 6570 Smøla - 25. januar og 26. januar. Tilbake 29. mars og 30. mars
- Fjord kommune rådhus, Olavsgata 10, 6210 Valldal 19. januar:
Tilbake også den 23. mars - Vanylven rådhus, 6139 Fiskå. - 18. januar
Tilbake også den 22. mars
Timen i Vanylven, Valldal, Rauma og Smøla kan du ordne her på nettsida. Treng du hjelp? Ring sentralbordet vårt på 70 11 87 00.