Noko lågare, men framleis høg tillit til politiet i Vest politidistrikt
598 av dei som bor i Vest politidistrikt har fortalt oss om sitt inntrykk av politiet i den nyaste innbyggjarundersøkinga. Resultatet er litt svakare enn ved førre undersøking, men vi får òg betre tilbakemelding på nokre felt.
- Denne undersøkinga viser at innbyggjarane i Vest politidistrikt har jamnt høg tillit til oss i politiet i åra etter politireforma. Noko variasjon må vi rekne med. Alle i politiet er motivert av eit ønske om å skape ein trygg og god kvardag for innbyggjarane. Dette resultatet er til inspirasjon i arbeidet med å bli endå betre, seier politimeister Kaare Songstad.
Tillit og det å vere trygg
78 % av dei spurte svarar at dei har svært stor eller stor tillit til politiet i vårt distrikt. Det er ein nedgang på 3 prosentpoeng frå 2020. Same tendens ser ein på nasjonalt plan.
I motsett ende av skalaen seier no 8 % at dei har liten eller svært liten tillit, mot 6 % i 2020.

Dei spurde seier at dei i all hovudsak baserer sin tillit til politiet på eigen oppleving av politiet (41 %) og omtale av politiet i media (37 %).
95 % av innbyggjarane seier at dei føler seg trygg der dei bur og ferdast. Dette talet har vert på same, høge nivå dei siste åra. Samstundes er det vesentleg tilbakegang blant dei som seier seg meget trygg frå 70 % i 2020 til 61 % i 2021.
I årets undersøking er folk spurt om kor trygg eller utrygg dei følar seg når dei brukar digitale tenester på nett og mobil. Her er følelsen av opplevd tryggleik lågare, 75 % seier seg meget trygg eller ganske trygg. 8 % føler seg ganske utrygg og 2 % meget utrygg. På landsbasis føler 71 % seg trygg og 10 % seg utrygg når dei brukar digitale tenester.
Bekymring for å bli utsett for kriminalitet på nett, som id-tjuveri, svindel, mobbing og seksuelle overgrep og trakassering, er også større enn å bli utsett for andre typar kriminalitet. Samstundes er oppfatninga av korleis politiet handterer denne type kriminalitet lågare enn på andre felt.
Utsett for kriminalitet og hatt kontakt med politiet
Av dei som har svart på undersøkinga i Vest politidistrikt seier 77 % at dei ikkje har vært utsett for kriminelle hendingar det siste året, ein liten oppgang samanlikna med året før. 10 % har vært involvert i trafikkfarlege hendingar. På landsbasis er tala om lag dei same.
56 % av dei som har svart har ikkje vært i kontakt med politiet det siste året, også dette ein auke frå året før. 17 % har hatt kontakt med politiet i samband med ei praktisk sak, som pass eller løyve, 17 % har blitt stoppa eller kontakta av politiet mens dei køyrde bil, 8 % har meldt frå om mistenkelege forhold og 5 % har levert ei melding om straffbar handling til politiet.
Om undersøkinga
Undersøkinga er utført av Norsk Gallup, på vegne av Kantar.
Det er gjennomført til saman 8000 intervju (1400 i Oslo politidistrikt og 600 i dei andre) i tidsrommet 31. august - 22. november 2021.
Store kommunar = over 20 000 innbyggjarar, små kommunar = under 5 000 innbyggjarar.
Les nasjonale resultat