Vest politidistrikt legg i dag fram resultatet for delar av verksemda i 2021. Heile rapporten ligg ved (nederst i saka).

Vi har i år løfta fram enkelte tema og legg opp til at redaksjonane kan få utfyllande kommentarar frå våre kontaktpersonar.

Auke i seksuallovbrot

Totalt vart 25 653 lovbrot meldt til politiet i Vest i 2021, noko som er 1464 færre saker enn i 2020. Sjølv om den registrerte kriminaliteten går ned, veit vi at det er ei rekke kriminalitetsformer som ikkje blir meldt til politiet.

Det er ei nedgang i talet på saker innan dei fleste kriminalitetstypane. Unntaka er saker som gjeld seksuallovbrot og miljølovbrot.

Samanlikna med 2020 er det i 2021 meldt om 26 prosent fleire saker som gjeld seksuallovbrot. Sjølv om tala endå ikkje er på nivå med 2017 ser vi særskilt ei urovekkjande utvikling i saker som gjeld seksuallovbrot mot barn. I 2021 blei det meldt 365 saker mot 288 i 2020. Spesielt ser vi ein auke i saker som gjeld overgrep mot barn under 14 år, i de grovaste kategoriane.

Psykiatrioppdrag dobla på fem år

Operativt ser vi også i fjor ein auke i oppdrag knytt til psykisk sjuke personar. Totalt har politiet i Vest hatt 4000 oppdrag knytt til personar med psykisk sjukdom.

Auken i talet på oppdrag dobla frå 2017 då vi registrerte 1941 oppdrag.

Pandemi kan forklare mindre utelivsvald

Vi ser ein nedgang i meldte saker om kroppskrenkingar og kroppsskade. Vi trur dette har ein samanheng med at utelivet i deler av året har vore heilt eller delvis stengt ned som følgje av korona-restriksjonane. Når samfunnet no gjenopnar, forventar politiet ei auke i denne typen saker.

For fleire detaljer, sjå rapport: Omtale av resultat Vest politidistrikt 2021.pdf

 

Spørsmål til årstala kontakt Stab for kommunikasjon i Vest politidistrikt på telefon 488 98 811 eller e-post kommunikasjon.vest@politiet.no