- Sjøholt vert ein av våre faste øvingsbasar, seier Ole Christian Smørdal fag- og opplæringsansvarleg i seksjon operative fag i Møre og Romsdal politidistrikt.

- Her er det no lagt godt til rette for øvingane som politiet er pålagt å gjennomføre. Treningslokala vert ei base med utgangspunkt for politiet på Sunnmøre, men skal nyttast også av andre ressursar frå resten av politidistriktet, når det er naturleg.  

Øving ute frå småbåthamna til kyrkja

- Av og til skal vi også trene ute, slik som no i marsl. Denne gongen på strekninga frå Sjøholt småbåthamn bortover mot Ørskog kyrkje. Dette ynskjer vi å varsle om, seier Smørdal.

Politidistriktet har teikna ein langsiktig leigeavtale på treningslokala dei no får disponere. Dett er eit større lokale der det meste av plassen er sett av som treningsområde for taktikk. Vidare er det på plass eit godt undervisningsrom, pauserom og kontor til instruktørane.

Siste vekene var der hektisk dugnadsinnspurt for å få alt klart. Instruktørar frå heile politidistriktet har delteke med sine kunnskapar. Det er blant anna laga ei stor mengde av lause modular og flyttbare veggar, slik at det stadig kan leggast inn nye øvingsmoment og overraskingar.  

- Alt ligg til rette for gode  operative kurs og øvingar, ute og inne på Sjøholt framover, avsluttar Smørdal.