Foreldreparet har vore sikta for grov mishandling i nære relasjonar eller medverknad til dette. No er siktinga utvida til å gjelde drap eller medverknad til drap.

– På bakgrunn av ei samla vurdering av dei opplysingane som no ligg føre, har ein avgjort å utvide siktinga, seier politiadvokat Julie Ulstein i Møre og Romsdal politidistrikt som har leia etterforskinga.

I den samla vurderinga inngår også den endelege obduksjonsrapporten frå St. Olavs Hospital i Trondheim.

– Sjølv om etterforskinga har vore omfattande, har vi framleis fleire ubesvarte spørsmål. Vidare etterforsking av saka vil framleis ha høgste prioritet, seier Ulstein.

Advokat Axel Villads Lange og advokat Sjur Engelsen Lange forsvarar dei to sikta.