Har tiltalt kvinne etter dødsulykka i Blindheimstunnelen
Politiet har no fullført etterforskinga av dødsulykka i Blindheimstunnelen i Ålesund der tre personar omkom.
Statsadvokaten i Møre og Romsdal har sett ei kvinne i tjueåra under tiltale for brot på straffelova § 281 om aktlaust drap og vegtrafikklova § 3.
Den tiltalte har på noverande tidspunkt ikkje tatt stilling til spørsmålet om straffeskuld.
Hovudforhandling skal gå over tre dagar, frå 7. til 9. mars 2023.
Politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik blir aktor i saka.
Forsvarar i saka blir advokat Reidar Andresen.
Bistandsadvokat for dei etterlatte er advokat Mette Ekroll Nyland.
|