Ein patrulje vart sendt ut og det vart konstatert at personane var døde.

Deretter vart bustaden låst av i påvente av kriminalteknikarar.

Dei kriminaltekniske undersøkingane vil truleg gå føre seg utover ettermiddag og kvelden. Samstundes vil det bli foretatt vitneavhør og rundspørring.

- Det er all grunn til å tru at det er bebuarane i bustaden som er funne døde. Dei er ikkje endeleg identifisert. Dødsårsaken vil bli fastslått gjennom obduksjon, seier politiadvokat Yngve Skovly.