Dei to personane som vart funne døde i Molde torsdag, var skotne
Møre og Romsdal politidistrikt kan stadfeste at dei to personane som var funne døde i ein bustad i Molde torsdag, var begge skotne. Det vart funne eit våpen i bustaden.
Sikker identitet og dødsårsak vil bli fastslått gjennom obduksjon over helga.
- Det er all grunn til å tru at det er bebuarane i bustaden som er funne døde. Vi etterforskar omstendigheitene rundt hendinga, men ut frå etterforskinga så langt er det ikkje haldepunkt for at andre enn dei avdøde har vore i bustaden, seier politiinspektør Anders Skorpen-Trøen i Møre og Romsdal politidistrikt.
Bakgrunn:
Det var to eldre personar, ein mann og ei kvinne, som vart funne døde i ein bustad i Molde torsdag ettermiddag. Politiet fekk melding kl. 13.30 frå ein person som hadde kome til staden. Ein patrulje vart sendt ut og det vart konstatert at personane var døde.
Deretter vart bustaden låst av i påvente av kriminalteknikarar. Dei kriminaltekniske undersøkingane var ferdige seint torsdag kveld. Det har blitt gjort vitneavhøyr og rundspørjing.