- Vi stadfestar at vi har sikta ein mann i slutten av 40-åra for grovt skadeverk i samband med brannen. Mannen har tilstått at han har tent på bustaden, seier politiinspektør, Unni Moen Vikebakk i Møre og Romsdal politidistrikt.

Brannen vart oppdaga av forbipasserande kl. 02.18 natt til 23.10.22. Det var ingen som budde i huset då det brann.

- Vi vil takke observante vitner for viktige observasjonar og bidrag til etterforskinga. Det har vore til god hjelp, legg Moen Vikebakk til.

Politiet kan ikkje kommentere motiv for handlinga på grunn av den vidare etterforskinga.

- Vi kan ikkje gi ytterlegare opplysningar i saka per no fordi det framleis står att ein del etterforsking i saka, avsluttar politiinspektøren.