Janne Garnes Nilsen
Janne Garnes Nilsen vert ny politistasjonssjef.
FotoMøre og Romsdal politidistrikt

Ho tek over etter Tor Sæther som går av med pensjon til sommaren. Garnes Nilsen kjem frå stillinga som hovudplanleggar og seksjonsleiar for øving og beredskapsplanlegging i Møre og Romsdal politidistrikt. Ho har også hatt rolla som assisterande stabssjef.

Erfaring som lensmann

Janne Garnes Nilsen har tidlegare vore lensmann for Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt (Stranda, Sykkylven, Ørsta og Volda) i ein periode frå 2020 til 2021. Elles har ho lang fartstid i operativ teneste og med etterforsking. Både frå Oslo politidistrikt og frå meir enn ein tiårs-periode ved Ulstein og Hareid lensmannskontor. Ho har spesialkompetanse på etterforsking innanfor grov vald og seksualforbrytingar.

God kjennskap til det nasjonale beredskapsapparatet

Garnes Nilsen har også erfaring frå operasjonssentralen og som praksisansvarleg og rettleiar for politistudentane. I rolla som hovudplanleggar i politidistriktet har ho tatt vidareutdanning innan nasjonal beredskap og krisehandtering.

- Eg har med åra fått god erfaring med å jobbe tett på dei ulike fagmiljøa og leiingsnivåa i politidistriktet og opparbeidd meg eit godt innblikk i det nasjonale beredskapsapparatet vårt. No gler eg meg til ta med meg erfaringane inn i rolla som politistasjonssjef på lokalt nivå, seier Janne Garnes Nilsen.

Viktig å sikre gode og trygge lokalsamfunn

Ho har med åra også fått høve til å jobbe saman med dei fleste fagmiljøa og leiingsnivåa internt i politidistriktet.

- Det har gitt meg ei heilskapleg oversikt som eg verdset høgt. Som pådrivar for arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap, har eg også fått tatt del i det viktige samarbeidet med dei mange aktørane i det nasjonale beredskapsapparatet, spesielt på regionalt nivå. Erfaringa mi er at det vert utført eit godt og viktig arbeid hos alle aktørar i heile Møre og Romsdal for å stå best mogleg rusta til å sikre gode og trygge lokalsamfunn, legg ho til.

Tett på kjerneoppgåvene

Garnes Nilsen er glad i menneske og ser fram til å vere tettare på kjerneoppgåvene til politiet og lokalsamfunna.

- Eg ser fram til å vere tett på innbyggjarane våre i Herøy, Sande og Vanylven, i tillegg til det viktige samarbeidet vi har med kommunane på lokalt nivå.

- Ønsket mitt er å kunne vere eit bindeledd og ein pådrivar for beredskapen på lokalt nivå, påpeikar ho.

- Verdifull breidde i kompetansen sin

Oddbjørn Solheim som er leiar for geografisk driftseining Sunnmøre er glad for at Janne Garnes Nilsen har takka ja til stillinga.

- Janne har ei verdifull breidde i kompetansen sin som eg er sikker på vil vere med på å styrke den lokale politistasjonen vår på ein svært god måte, avsluttar han.

Janne Garnes Nilsen startar i stillinga 2. mai.