Morten Ørn, leiar for geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden
Morten Ørn, leiar for geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden

Onsdag 19. april skreiv Trude Helèn Hole ein debattartikkel i BT om forholda i Vågsbunnen. Ho er kritisk til at området er prega av forsøpling, tagging og rusavhengige. Artikkelen fekk stor merksemd med mange kommentarar, men problemstillinga er ikkje ny. BT la til ei spørjeundersøking med følgjande spørsmål: "Bør politiet slå ned på all omsetning og bruk av narkotika i Bergen sentrum?" Litt under åtte av ti svarar ja.

Dei siste åra har rusdebatten i Noreg endra karakter. Dette toppa seg med rusreformutvalets rapport i 2019 og diskusjonane som følgde. Regjeringa gjekk som kjent mot førre regjering sitt forslag til rusreform, og har lova ein ny førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet i løpet av 2023.
I mellomtida har Riksadvokaten i eit brev til politiet og påtalemyndigheita av 9. april 2020 presisert rammene for politiet sin bruk av tvangsmidlar i saker som gjeld bruk, erverv og det å ha mindre mengder narkotika. Perspektivet er at dette ikkje er alvorleg. Derfor må politiet vere særleg merksame på dei avgrensingane som ligg til forholdsmessigheitskravet ved bruk av tvangsmidlar. Brevet gir med dette retning til korleis politiet skal prioritere slike saker.

I det politiske vakuumet som oppstod, har Høgsterett tatt vesentleg omsyn til Stortinget sin behandling av sentrale dokument og argumenta som her ligg til grunn for å redusere straffereaksjonane mot rusavhengige. Rusdebatten og rettsutviklinga går klart i retning av ei meir progressiv narkotikapolitikk der rusavhengige skal få tilbod om hjelp framfor straff og stigmatisering. Riksadvokaten gav ut eit nytt brev 13. mai 2022 der konsekvensane av rettsutviklinga vart beskrive for politiet og påtalemakta.

Menneska i Vågsbunnen går til kjernen av dei som rusdebatten og rettsutviklinga er retta mot. Desse skal ikkje straffast, bortvisast og ytterlegare stigmatiserast, men få tilbod om hjelp. Ein del frivillige hjelpetiltak finnast nettopp i Vågsbunnen, og det er ikkje til å undrast over at det utviklar seg eit miljø der. Ein sentral del av eit rusmiljø er sal, erverv, inneha og bruk av narkotika.

Politiet i Bergen har frå gammalt av forsøkt ein praksis med å straffeforfølgje og vise vekk rusavhengige i eit forsøk på å få bukt med narkotikakriminaliteten knytt til rusmiljøa i det offentlege rommet. Innsatsen har også vore renovasjonstiltak etter påtrykk frå omgivnadene, kommunen og media. Erfaringa frå andre store byar i Europa og Nygårdsparken tilseier at det må breiare tiltak til for å handtere dette. I Bergen har det sidan 2014 vore eit tverrfagleg og tverretatleg samarbeid for å handtere denne utfordringa på ein kunnskapsbasert måte. Samarbeidet er bygd rundt fire pilarar som handlar om førebygging, behandling og ettervern, skadereduksjon og kontroll.

Kontrollpilaren i form av straff og vise vekk var i mange år einaste verktøyet mot utfordringa i Nygårdsparken. Det gav liten effekt, og hadde endå mindre positiv effekt for dei rusavhengige. Politiet har derfor over mange år gradvis teke ned aktiviteten mot dei rusavhengige sin narkotikabruk. No har rettsutviklinga og argumenta som ligg til grunn for denne, sementert ei praksis som reduserer kontrollpilaren sitt verktøy. Av den grunn må dei tre andre pilarane styrkast.

I Vågsbunnen er det eit spesielt behov for såkalla førebyggjande bydesign. Området er i dag prega av finérveggar rundt Korskirken som hemmar den openheita som det offentlege rommet er avhengige av for å skape tryggleik. Delar av området er generelt forslumma, og det er få tilbod som trekkjer den vanlege bergensaren eller turist hit. Kva sosiale normer som er "på plass" definerast derfor av dei rusavhengige som har tilboda og mykje av deira sosiale liv knytt til plassen. Akkurat som vi såg det i Nygårdsparken, før den vart opprusta.

Målet må vere å utvikle og oppgradere området, leggje til rette for at den vanlege bergensaren og turist trivst og oppheld seg der, og at dei sosiale normene og kva som er "på plass" definerast av eit større fellesskap enn berre dei rusavhengige.

Mange vil seie at dei rusavhengige då berre vil flytte seg til nye områder, slik vi såg etter at Nygårdsparken vart rusta opp. Erfaringa seier at dette vil skje, men at talet på dei som flyttar på seg skalar av. Avskalinga aukar om det vert tilbode alternative møtestader. Effekt av flyttinga må derfor ikkje verte ein avgrensande faktor i seg sjølv.

Sidan Nygårdsparken vart rusta opp, har det blitt oppretta fire lågterskeltilbod i form av Mottakssenter (MO-senter) i Bergen, og kommunen har jobba for å etablere eit femte i sentrum. Behandlingstilbodet og ettervernet er styrka, og dei skadereduserande tiltaka er utvida med mellom anna brukarrom og heroinassistert behandling. Offentlege og frivillige hjelpetiltak snakkar saman og prøver å unngå at dei konsentrerer seg til eitt område som bærer preg av forfall, slik vi framleis ser det i Vågsbunnen.

Politiet vil i framtida òg vere ein del av det tverrfaglege og tverretatlege samarbeidet. Vi må likevel forhalda oss til rettsutviklinga og argumenta som ligg til grunn for den. Vi skal difor ikkje straffeforfølgje, vise vekk og stigmatisere ei gruppe menneske som alt har store utfordringar med å meistre livet. Politiet har i tillegg god kommunikasjon med byrådet om ein eventuell lokalforankra rusreform for Bergen.

Det er ikkje greitt med forslumma område i bybildet, og det kan det enkelt gjerast noko med. At nokre menneske slit med å meistre livet, og falt utanfor samfunnet, krev heilt andre og meir komplekse tiltak. Ikkje minst at også desse menneska vert ein del av mangfaldet i eit levande byliv og vert akseptert for den dei er.

  • Narkotika og rusmidler