Slik klagar du på korleis politiet har oppført seg

Meiner du at politiet har gjort ein feil utan å bryte lova, kan du  klage på det. Ein klage på politiet vil ikkje ha innverknad på om du har andre pågåande saker, som straffesak, sak hos namsmannen eller sak i forvaltinga.

Slik klagar du

  • Send skriftleg klage til politidistriktet der feilen skjedde.
  • Politimeisteren i politidistriktet avgjer klagesaka, og sender deg eit svar. Det skal stå i svaret om politimeisteren er einig eller ikkje einig i at politiet har gjort noko feil.

Det skal ikkje ta meir enn ein månad å behandle saka. Viss det tek lengre tid, skal du få beskjed om det.

  • Hvis du ikkje er einig i politimeisteren sin avgjerd, kan du sende klagen tilbake til politidistriktet.
  • Politidistriktet førebur klagesaka, tek stilling til eventuelle nye opplysningar og sender saka til Politidirektoratet for klagehandsaming.

Her finn du kontaktinformasjon til politidistrikta. 

Slik melder (bm: anmelder) du tilsette i politiet eller påtalemyndigheita

Meiner du at tilsette i politiet eller påtalemyndigheita har brote lova i tenesta, kan du melde forholdet til Spesialeininga for politisaker. Påtalemyndigheita betyr politiet, statsadvokaten eller riksadvokaten.

Slik klagar du på etterforskinga av straffesaker

Meiner du at politiet har gjort ein feil i etterforskinga av ein straffesak? Då kan du klage på det.  Du kan sende ein skriftleg klage til politidistriktet som har etterforska saken. Ver merksam på at i nokre av avgjerdene sett ein frist for å klage.

Har du spørsmål om klage på etterforsking av straffesaker, kan du kontakte politiet der du bur.

Finn næraste politi

Vel stad for å sjå kontaktinformasjon og opningstider

Din posisjon
  1. Din posisjon
1 Resultata er klare. Bruk piltastane eller sveip for å gå opp og ned.