Du kan få nokon andre til å kontakte Politiet si utlendingseining for deg. Viss personen ikkje er advokat, må du gi han eller ho skriftleg fullmakt. Sjå forvaltingslova § 12 fjerde ledd for meir informasjon. Personen kan til dømes vere arbeidsgivaren din, eit familiemedlem eller ein annan person du stolar på.