Helse og køyreferdigheiter

Helsa di eller evnene dine kan endre seg slik at det ikkje lenger er trygt å la deg køyre. Politiet kan krevje at du går til undersøking hos lege. Politiet kan òg krevje at du tek heilt eller delvis ny førarprøve. Du kan miste retten til å køyre dersom legeundersøkinga viser at du ikkje fyller krava til helse. Det same gjeld dersom førarprøva viser at køyreferdigheiter dine ikkje er gode nok.

Dersom politiet har grunn til å tru at du ikkje lenger fyller krava for å ha førarkort, får du eit brev som varslar om at det kan bli aktuelt å tilbakekalle føraretten din inntil vidare. Brevet kan samstundes påleggje deg undersøking hos lege eller ny førarprøve dersom du vil behalde føraretten. Du kan òg få mellombels køyreforbod og krav om å levere inn førarkortet. Du kan uttale deg til politiet om varselet du har fått, og leggje fram opplysningar du meiner er relevante.

Statsforvaltaren kan òg tilrå politiet å tilbakekalle førarkortet. Grunnlaget er ei melding frå lege eller annan behandlar om at du ikkje lenger fyller helsekravet. Du får kopi av tilrådinga, og ho blir rekna som eit varsel om at føraretten kan bli tilbakekalla. Du kan uttale deg til politiet om tilrådinga.

For å få tilbake føraretten må du levere helseattest for førarkort til politiet.
Helseattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månader og må stadfeste at du fyller helsekravet igjen. Vi godtek berre norske helseattestar. Det er eit fast skjema som legen fyller ut. Vanlegvis er det fastlegen som fyller ut skjemaet. Det er viktig at legen kjenner bakgrunnen for at føraretten er tilbakekalla, og dette bør kome fram i helseattesten. Du kan levere helseattesten hos politiet eller sende henne i posten.

Du kan snakke med fastlegen din om kva som skal til for at helsekravet skal vere oppfylt. Du kan òg lese meir om helsekravet i førarkortforskrifta (lovdata.no).

På grunnlag av helseattesten kan politiet bestemme at du skal få føraretten tilbake. Du kan få ho med avgrensa eller vanleg gyldigheit. Når du har fått vedtaket frå politiet, må du ta det med til Statens vegvesen for å få nytt førarkort.

Dersom du har mist føraretten fordi du ikkje har gode nok køyreferdigheiter, må du gjennomføre ei ny førarprøve på god nok måte før du kan få føraretten tilbake. Du kan søkje politiet om å ta ny prøve ved å sende eit brev til politidistriktet der du bur.

Edrueligheit og vandel

Politiet kan tilbakekalle føraretten din dersom du misbrukar rusmiddel i eit omfang som gjer at det ikkje er trygt å ha førarkort. Det same gjeld dersom du har ein vandel som gjer deg uskikka til å ha førarkort.

Dersom politiet meiner at du ikkje fyller kravet til edruelegheit eller vandel, vil du få eit brev om dette. Brevet varslar deg om at det kan bli aktuelt å kalle tilbake føraretten din. Du kan uttale deg til varselet du har fått, og leggje fram opplysningar du meiner er relevante.

Dersom du har mista føraretten på grunn av manglande edruelegheit, kan du når som helst søkje politiet om å få tilbake føraretten. Du søkjer ved å skrive eit brev og sende det til politidistriktet der du bur. Det er ein fordel om du kan leggje ved dokumentasjon på rusfridom eller annan dokumentasjon.