Investeringsbedrageri: – Vi opplever ei auke i alvorsgrad - Politiet.no
Investeringsbedrageri: – Vi opplever ei auke i alvorsgrad
Publisert av Møre og Romsdal politidistrikt.
Investeringsbedrageri skjer ved at folk blir lurte til å investere i aksjar, kryptovaluta eller liknande, og anten betalar betydeleg mykje meir enn det er verdt, eller investerer i ikkje-eksisterande produkt.
Svindlarane opererer gjerne med falske handelsplattformer på nett, som ved første augekast ser truverdige ut. Dei driv med aggressiv marknadsføring, ofte i sosiale medium, og kan til dømes misbruke kjende fjes og namn for legitimitet. Dei viser til falske kvitteringar og dokumentasjon på investeringar og gevinst for å manipulere offera til å investere meir. Svindlarane er profesjonelle og veit kva knappar dei skal trykke på hos offera. Denne metoden blir gjerne kalla sosial manipulasjon.– Dei økonomiske konsekvensane for dei som blir utsette for dette, er betydelege. Det kan vere snakk om tap i hundretusen- og til og med millionkronersklassa. Vi får jamleg inn slike saker, men ser med bekymring på at beløpa aukar og at folk også tek opp lån for å finansiere investeringane, fortel Marius Haugland Martinsen, avsnittsleiar for miljø og økonomisk kriminalitet hos Møre og Romsdal politidistrikt.Råd for å unngå å bli lurtSjekk med banken din eller nokon du stolar på før du investerer. Søk opp informasjonen du har tilgjengeleg på nett. Du kan til dømes undersøkje verksemder på Finanstilsynet sine nettsider – både for å sjå om dei har rett løyve, og om det finst marknadsåtvaringar som tilrår å ikkje investere.– Det er òg viktig at du melder frå til politiet dersom du har blitt utsett for investeringsbedrageri. Meldinga di er viktig i kampen mot svindel, og gir oss verdifulle spor om gjerningspersonane og metodane deira. Sjølv om saka skulle bli henlagt, kan ho opnast igjen på eit seinare tidspunkt, seier Martinsen.Den viktigaste bodskapen frå politiet er å ikkje investere pengar du ikkje har, ikkje investere meir enn du toler å tape, og hugs: Ver kritisk. Når noko verkar for godt til å være sant, er det som regel det.Marius Haugland Martinsen er tilgjengeleg for intervju. Ta kontakt med stab for kommunikasjon ved intervjuførespurnadar.Presseførespurnader: +47 990 94 670 kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no