Mann rømde frå arresten ved Ålesund politistasjon – funnen igjen same kveld
Publisert av Møre og Romsdal politidistrikt
Ein mann kom seg unna under lufting ved politistasjonen måndag 9. mars. Politiet mobiliserte raskt og fann mannen klokka 23:30, takka vere tips frå publikum.
Dei ordinære fasilitetane for lufting var opptekne, og han blei difor lufta i garasjen for patruljekøyretøy, der porten stod open. Han blei følgd dit av to polititenestepersonar, men sprang frå staden og tok seg ned trappa frå Øvre til Nedre Strandgate. Patruljen sette etter, men han kom seg unna.Det blei raskt mobilisert store styrkar, og politiet fann mannen klokka 23:30 takka vere tips frå publikum.Rutinar for lufting
Rutinane våre seier ikkje noko direkte om sjølve fasilitetane for luftegard, men det skal vere forsvarleg både for tryggleiken til den fengsla, til polititenestepersonar og med omsyn til røming. Det var ikkje tilstrekkeleg følgt opp her, seier fungerande politistasjonssjef, Arne Lid Skodje.
Dette skal ikkje skje, og vi har sett i verk tiltak for å gå gjennom rutinane og etterlevinga av desse. Det vil òg bli gjennomført ei intern evaluering.Presseførespurnader:+47 990 94 670kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no