Hopp til hovedinnhold
Logo
Straffesaksutviklinga i Møre og Romsdal politidistrikt 2025
Publisert av Møre og Romsdal politidistrikt

Møre og Romsdal politidistrikt legg i dag fram oversikt over straffesaksåret 2025. Politidistriktet handsama om lag 12 000 straffesaker, og den samla oppklaringsprosenten enda på 57,7, som er blant landets høgaste.

Dette er eit supplement til rapporten under, og omtalar enkelte punkt som er særleg relevante å løfte fram.Seksuallovbrot og nettrelaterte sakerTalet på seksuallovbrot har over tid vore relativt stabilt, men politiet ser no ei aukande mengd saker der handlingane skjer på nett. Desse sakene inneber store mengder digitalt materiale som må hentast inn, gjennomgåast og kvalitetssikrast, og omfanget av digitale spor gjer etterforskinga meir tidkrevjande.Møre og Romsdal politidistrikt hadde i 2025 ein oppklaringsprosent på 59,5 prosent for seksuallovbrot, samanlikna med 52,1 prosent nasjonalt. Fagmiljøa innan dette feltet er blant distriktets største, med spesialiserte påtalejuristar og erfarne etterforskarar.– Når handlingane skjer på nett, blir det langt fleire digitale spor som må følgjast opp. Det krev systematisk og grundig arbeid, og vi ser at dette påverkar tidsbruken i etterforskinga, seier Linn Breivik Erstad, driftseiningsleiar for felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking.Politidistriktet har sett i verk tiltak for å styrke handteringa av saker som gjeld nedlasting og innehaving av overgrepsmateriale. Nye saker blir raskt vurderte, mellom anna i samarbeid med Kripos, for å avklare om det ligg føre risiko for fysiske overgrep mot barn. Saker der barn er fornærma blir alltid høgt prioriterte.I 2025 hadde politidistriktet ein oppklaringsprosent på 65,2 prosent for valdtekt av barn under 14 år.Mishandling i nære relasjonarSaker som gjeld mishandling i nære relasjonar har auka med om lag 40 prosent sidan 2023. Oppklaringsprosenten i 2025 var 18,3 prosent. Politidistriktet arbeider vidare med å utvikle og styrkje handteringa av desse sakene, med mål om å sikre god kvalitet og nødvendig framdrift. Dette er eit høgt prioritert saksområde i 2026. Sakene omfattar eit stort spenn og varierer både i alvor og kompleksitet.Arbeidsprosess og kvalitetI alvorlege saker, særleg der barn er involvert, blir det sett inn betydelege ressursar tidleg. Barnehuset og relevante støtteinstansar blir raskt kopla på. Etter den innleiande fasen følgjer grundige analyser, tekniske undersøkingar og påtalevurderingar, som kan vere tidkrevjande.– Vi har forståing for at tida som går medan ei sak blir etterforska kan vere svært krevjande for dei involverte. Saker som handlar om overgrep mot barn er eit av våre høgast prioriterte område, og vi arbeider kontinuerleg for både å auke oppklaringa og redusere ventetida, seier leiar for påtale i Møre og Romsdal politidistrikt, Guri Falck Kristensen.OppmodingPolitidistriktet oppmodar publikum om å ha låg terskel for å ta kontakt for å melde ei sak, for å få råd om prosessen, eller om ein har informasjon om pågåande etterforsking. Ta kontakt med politidistriktet på 02800 eller 112 ved naud, på Nettpatruljen Møre og Romsdal si Facebook eller Instagram-side, eller ved å kontakte Støttesenteret for kriminalitetsutsette. Pressekontakt:+47 99 09 46 70kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no