Hopp til hovedinnhold
Logo
Blir ny visepolitimeister i Møre og Romsdal
Publisert av Møre og Romsdal politidistrikt

Kenneth Sætre (52) er i statsråd utnemnd til visepolitimeister i Møre og Romsdal politidistrikt for ein åremålsperiode på seks år.

Ny visepolitimeister: Kenneth Sætre.
Ny visepolitimeister, Kenneth Sætre.Politiet
Sætre kjem frå stillinga som distriktsleiar for politiets sikkerheitsteneste (PST) og har lang operativ leiarerfaring i politiet. Han har blant anna vore leiar for felles operative tenester (FOT) og hatt rolla som stabssjef i distriktet.– Eg er svært glad og ikkje minst takksam for den moglegheita politimeisteren har gitt meg til å vere med og leie politidistriktet i ei spanande og utfordrande tid. Eg har arbeidd i distriktet i snart tretti år, og eg veit at politidistriktet leverer godt på samfunnsoppdraget kvar einaste dag. Vi har utruleg mange dyktige medarbeidarar og like mange gode relasjonar. Det gir tryggleik når eg no skal tre inn i denne rolla, seier Kenneth Sætre.– Når det er sagt, er det ikkje berre politiet, men heile samfunnet som er i rask endring, og det er svært viktig at politiet er i takt med utviklinga generelt. Dette er særleg viktig innan sikkerheitspolitisk samarbeid, samfunnssikkerheit, kriminelle nettverk, ungdomskriminalitet, digitale løysingar og system. Å representere ei tydeleg retning, oppnå resultat og samstundes, på ein balansert måte, klare å skape tryggleik og ro, trur eg blir viktig for politiet i åra som kjem, legg Sætre til. Den nye visepolitimeisteren meiner at å sjå moglegheitene i desse grenseoverskridande utfordringane er utfordrande.– Det vil krevje ein betydeleg innsats, god samhandling med andre samfunnsaktørar og ein vilje til å sjå oss sjølve i ein større samanheng. Eg ser verkeleg fram til å ta fatt på desse oppgåvene.Politimeister Elin A. Drønnen er veldig glad for å få Kenneth Sætre som ny visepolitimeister i Møre og Romsdal politidistrikt.– Kenneth er ein erfaren leiar med brei politifagleg kompetanse, og høg kompetanse innan beredskap og politioperativt arbeid. Vi vil utfylle kvarandre godt og eg er trygg på at vi saman vil kunne utvikle politidistriktet vidare og sørge for gode polititenester for innbyggarane våre i Møre og Romsdal, seier ho.Presseførespurnader:+47 990 94 670kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no