Vil hindre uvitande lovbrot: Dette må du vite om kulturminne før du set spaden i jorda
Publisert av Møre og Romsdal politidistrikt
Vår og sommar er høgsesong for aktivitet ute. Folk grev, ryddar skog, byggjer, dykkar eller søkjer med metalldetektor.
Miljøkrimkoordinator i Møre og Romsdal politidistrikt, Cecilie Valved og arkeolog i fylkeskommunen, Carl Fredrik Wahr-Hansen Vemmestad.PolitietPolitiet og Møre og Romsdal fylkeskommune går saman ut for å informere, for å hindre at kulturminne blir skadde eller øydelagde og at folk bryt lova utan å vere klar over det.
Vi er ikkje ute etter å ta folk. Vi vil heller bidra med kunnskap slik at ein ikkje uvitande gjer inngrep i kulturminne, seier miljøkrimkoordinator i Møre og Romsdal politidistrikt, Cecilie Valved.
Ein felles arvKulturminne er spor etter menneskeleg aktivitet gjennom tusenvis av år, frå synlege bautasteinar til usynlege restar i bakken eller på havbotnen. Mange stammar frå tida før skriftlege kjelder, og er viktige for å forstå historia vår.
Dette er fellesskapet sin ressurs. Når kulturminne blir øydelagde, mistar vi uerstatteleg kunnskap om fortida, fortel arkeolog i fylkeskommunen, Carl Fredrik Wahr-Hansen Vemmestad. Alle kulturminne eldre enn 1537 er automatisk freda, uansett om dei er kjende eller ikkje.
Faste og lause kulturminneEin skil gjerne mellom:
Faste kulturminne: Til dømes bautasteinar, gravminne, helleristningar, tufter og andre spor i landskapet. Desse kan vere vanskelege å sjå, og mange er ikkje kartlagde.
Lause kulturminne: Gjenstandar som myntar, smykke, våpen eller reiskapar som ein kan finne i jorda, i sjøen eller med metalldetektor.
Det er forbode å gjere inngrep i faste kulturminne, til dømes ved graving, planering eller hogst. Slike saker kan få konsekvensar. Politiet har mellom anna gitt bøter på fleire titals tusen kroner både til privatpersonar og bedrifter, for ulovlege inngrep.Dette må du gjereFør du set i gang med aktivitet som kan påverke bakken eller naturen, bør du:
Vise særleg aktsemd der det er mange kjende kulturminne.
Stoppe arbeidet og ta kontakt med fylkeskommunen om du oppdagar noko du trur kan vere eit kulturminne.
Før bruk av metalldetektor må ein ha samtykke frå grunneigar og setje seg inn i retningslinjene.
Funn skal meldast inn.
Finn du ein gjenstand som kan vere eit kulturminne, skal han meldast inn til fylkeskommunen eller politiet. Gjenstanden må takast vare på slik at han ikkje blir skadd.
I mange tilfelle finst det ordningar for finnarløn, særleg for funn av gull eller sølv.
Politiet - Politiet.no
Tett samarbeid
Fylkeskommunen har ansvar for fagleg forvaltning av kulturminne, medan politiet handterer lovbrot. Samarbeidet mellom etatane er tett og avgjerande.
Målet vårt er ikkje å straffe, men å opplyse og førebygge. Med kunnskap kan vi saman ta vare på historia vår og sørgje for at ingen bryt lova utan å vere klar over det, seier miljøkrimkoordinator i Møre og Romsdal politidistrikt, Cecilie Valved.
Har du spørsmål eller gjort eit funn?
Ta kontakt med politiet eller Møre og Romsdal fylkeskommune.