Politiet i Møre og Romsdal kjem med viktig informasjon til foreldre inn i sommarferien.BRY DEG: Førebyggande avsnitt i Ålesund meiner varme og tilgjengelege vaksne er viktig, sjølv om sommaren let vente på seg i Møre og Romsdal.Foto: Iselin Nevstad Øvrelid // Politiet
Til føresetteDet er framleis slik at vaksne som bryr seg, følgjer med og tør å spørje, er blant dei viktigaste beskyttelsesfaktorane barn og unge har. Vi oppmodar føresette til å vere tilgjengelege, samarbeide med andre foreldre og ta dei viktige samtalane – både om det som skjer ute og det som skjer på nett.Politiet vil prioritere nærvær og oppsøkande arbeid ute blant barn og unge som har skulefri og ferie. Først og fremst handlar dette om å trygge nærmiljøa, byggje relasjonar og tillit. Vi er opptekne av å vere eit politi det skal vere lett å kome i kontakt med, også utan at det har skjedd noko kriminelt eller alvorleg.I årets sommarbrev ønskjer vi å setje fokus på to utfordringar vi ser i vårt distrikt, og på to fenomen som er aktuelle for føresette i Møre og Romsdal å kjenne til.El-sparkesyklar: Mange unge bruker el-sparkesyklar på ein trygg og ansvarleg måte, men vi ser også ruskøyring, manglande bruk av hjelm, fleire personar på same sparkesykkel, trimma køyretøy og uvettig køyring.Regelverket er der først og fremst for å ta vare på tryggleiken for deg og dine. El-sparkesyklar skal vere ansvarsforsikra, det er berre tillate med éin person på køyretøyet, og aldersgrensa er 12 år. Hjelm er påbode for barn under 15 år. Som føresett er det viktig å kjenne til reglane og bidra til gode haldningar rundt bruk – sei nei til trimming. Ei alvorleg ulukke kan få store konsekvensar for ein ung førar og andre som potensielt blir involverte.Skadeverk: Skular og barnehagar er attraktive opphaldsstader i sommarhalvåret. Vi får jamleg meldingar om at skadeverk og forsøpling er eit problem. Lediggang aukar sjansen for at spenning blir søkt gjennom rampestrekar, eller verre, gjennom ulovleg åtferd. Vi oppmodar vaksne til å vere til stades på dei arenaene der barn og unge oppheld seg.Kriminalitet på bestilling: Politiet ser både nasjonalt og lokalt ei utvikling der vald i større grad enn tidlegare kan bestillast, utførast eller formidlast gjennom digitale plattformar. Vi kallar det VAAS/CAAS (violence-/crime as a service). Barn og unge kan bli kontakta av personar som tilbyr pengar, status eller tilhøyrsle mot å utføre skadeverk eller opptre trugande og valdeleg på vegner av andre.Snakk med ungdommane om kven dei har kontakt med på nett, kva slags grupper dei deltek i, og korleis dei handterer press frå andre.Farlege nettsamfunn: Dei fleste opplever fellesskap og vennskap på nett. Samtidig finst det enkelte nettmiljø som medvite prøver å påverke, manipulere eller utnytte sårbare unge menneske. Desse miljøa kan framstå som venlege og inkluderande i starten, men kan etter kvart eksponere barn og ungdom for ekstrem vald, sjølvskading, truslar, utpressing m.m. Nokre av miljøa er kjende under namn som «764». Det finst fleire liknande nettverk.Dersom du er uroa for eit barn eller ein ungdom, eller ønskjer råd og rettleiing, er du velkomen til å kontakte politiet via telefon: 02800 (112 ved naudtilfelle) eller på e-post til post.moreogromsdal@politiet.noMed ønskje om ein trygg og god sommar frå oss i politiet i Møre og Romsdal.