Føraren av bilen, ein 18 år gamal mann, er sikta etter trafikkulukka i Molde i går. Det var eitt køyretøy involvert i ulykka.
Han er sikta for overtredelse av vegtrafikkloven § 3, etter at bilen med to passasjerar køyrde av Julsundvegen i nærleiken av Mordalsvågen i Molde tidleg torsdag morgon. Ei 16 år gamal jente omkom etter ulukka. Politiet har ikkje oppdaterte helseopplysingar på førar. Den andre passasjeren mottar behandling på Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR). Han skal vere lettare skadd.Politiet etterforskar saka vidareBilen kom køyrande vestover frå Molde og køyrde ut i ei svak høgrekurve. Utforkøyringa skjedde i ei 80-sone. Det var ingen bremsespor på staden. Det var store materielle skader på køyretøyet.Ei rekke vitne vart avhøyrt i går og etterforskingsarbeidet held fram i dag. Førar er ikkje avhøyrt enno og avhøyr kan først bli gjennomført når tilstanden hans tillet det. Han vart flogen til St. Olavs hospital frå SNR.– Det er per no ikkje mistanke om ruspåverka køyring, men det er sikra blodprøve av førar som er sendt til analyse. Vi jobbar med å kartlegge hendingsforløpet før utforkøyringa. Mellom anna vil vi undersøke mobiltelefonane til dei involverte og teledata, for å få ei nærmare formeining om hastigheit då ulykka skjedde, seier politiadvokat Elias Undersåker Enga.Presseførespurnader:+47 99 09 46 70 kommunikasjon.moreogromsdal@politiet.no