Publisert av Møre og Romsdal politidistriktSist oppdatert
Det har i natt vore meldt om to nye brannar på Sunnmøre. Denne gong på
Emblemsfjellet. Politiet sette umiddelbart i verk etterforsking og ser dei nye
brannane i samanheng med fleire andre uoppklarte brannar.Frå ei av branntomtene på Emblemsfjellet.Foto: Politiet
– Vi har stor forståing for at dei nye branntilfella skapar uro i lokalsamfunna. Politiet prioriterer etterforskinga av dei uoppklarte brannane høgt, etterforskar breitt og grunding, seier driftseiningleiar for etterretning, førebyggande og etterforsking, Linn Breivik Erstad.Det blir lagt ned eit betydeleg arbeid for å avklare sakene. I løpet av natta har politiet hatt godt med politipersonell ute i området.– Det kjem vi også til å ha framover. Innbyggjarane vil oppleve at det vil vere meir politi i nærområdet som vil snakke med folk for innhente informasjon. Samarbeidet vi har med lokalsamfunnet er veldig viktig for oss, seier Breivik Erstad.Treng framleis tips frå innbyggjaraneBrannsaker er krevjende å etterforske fordi fysiske spor blir øydelagde av sjølve brannen. På grunn av at dei tidlegare åstadane har gitt få spor er politiet avhengige av tips, video, bilete og vitneopplysningar. Erstad understrekar at politiet har undersøkt og følgt oppe alle tips som har komne inn i dei ulike sakene og at innbyggjarane har vore flinke til å melde frå. Likevel ber ho om at alle er ekstra årvakne i tida framover. – Politiet treng framleis hjelp frå innbyggjarane. Vi ønskjer tips frå alle som har vore i området den siste tida og som kan ha observert noko som kan føre oss vidare i etterforskinga. Vi har motteke ei stor mengd tips i dei ulike sakene, og både små og store opplysningar blir vurderte opp mot det totale biletet, forklarar ho.Politiet tek vurderinganeHo understrekar at publikum ikkje skal ta stilling til om informasjon er viktig eller ikkje.– Det er ikkje innbyggjarane som skal avgjere om eit tips er relevant for politiet. Den vurderinga tek vi. Har du sett aktivitet, personar, køyretøy eller andre forhold som skil seg ut, ber vi om at du melder frå så raskt som mogleg. Også observasjonar som kan verke uvesentlege, kan vere avgjerande for etterforskinga og hjelpe oss med å få eit best mogleg bilete av det som har skjedd, avsluttar Breivik Erstad.Tips kan meldast til politiet på telefon 02800 eller via tipsportalen på politiet.no.