Natt til fredag brann to hytter ned til grunnen på Emblemsfjellet. Politiet ser dei nye brannane i samanheng med fleire andre uoppklarte brannar og ønskjer framleis tips i sakene.
Gjennom helga har politiet motteke fleire tips som blir følgde opp.– Vi har blant anna fått inn ein observasjon av ein personbil kl. 02.10 natt til onsdag som har køyrd frå toppen av Eikenosen på Emblem. Vi jobbar blant anna med å undersøke dette konkrete tipset, så dersom nokon har konkret informasjon om dette, ta kontakt med oss, seier politiadvokat Magne Kvalvik.Politiet sette umiddelbart i verk omfattande etterforsking etter brannane. Gjennom helga er det gjennomført rundspørjing i området, og dette arbeidet vil halde fram også måndag.– Vi vil samtidig rose innbyggjarane for å vere årvakne og for at dei tek kontakt når dei har observasjonar eller informasjon som kan vere relevant. Det er svært verdifullt for etterforskinga, seier Kvalvik.Brannsaker er ofte krevjande å etterforske fordi mykje av det tekniske spormaterialet blir øydelagt i sjølve brannen. Etterforskinga er derfor i stor grad avhengig av observasjonar, videoopptak, bilete og vitneopplysningar.– Dette er saker som i stor grad må løysast gjennom taktisk etterforsking. Vi er avhengige av innbyggjarane sine auge og øyre ute i lokalsamfunnet. Derfor er det svært viktig at folk framleis sjekkar videoovervaking, tek vare på opptak og melder frå til oss om det dei har sett eller høyrt, seier Kvalvik.Politiet understrekar at det er vanskeleg å avgrense eit konkret tidsrom for kva opplysningar som kan vere relevante.– Vi veit når brannane blei oppdaga, men ikkje nødvendigvis når dei oppstod. Det er derfor mogleg at aktivitet fleire timar før brannane blei meldt inn kan vere av interesse for etterforskinga. Videoopptak, bilete og observasjonar frå både det siste døgnet og dagane før brannane kan vise seg å vere viktige brikker i arbeidet vårt, seier Kvalvik.Tips kan meldast til politiet på telefon 02800 eller via tipsportalen på politiet.no.