Etterforskar ulovleg graving i freda kulturminne i Rauma
Publisert av Møre og Romsdal politidistrikt
Politiet etterforskar ei sak om ulovleg graving i og ved eit automatisk freda kulturminne på Kamshaugen ved Kammen gravfelt på Åndalsnes. Saka er meldt av Møre og Romsdal fylkeskommune som eit mogleg brot på kulturminnelova.
Dronefoto av området.Gravfeltet ligg i eit statleg sikra friluftsområde sentralt i Åndalsnes. Ved undersøkingar av området er det påvist totalt 49 prøvestikk, det vil seie mindre gravehol. Seks av desse er funne innanfor det freda området.Politiet reknar det som sannsynleg at gravinga har skjedd i perioden frå 5. til 8. november 2026. Forholdet blei oppdaga 8. novemberPolitiet ønskjer informasjon frå personar som kan ha gjort observasjonar i området i dagane før forholdet blei oppdaga.– Vi ber om tips frå alle som kan ha sett personar, aktivitet eller annan uvanleg ferdsel på Kamshaugen i perioden 5. til 8. november. Dersom nokon har opplysningar som kan vere relevante for saka, ønskjer vi at dei tek kontakt med politiet gjennom tipsportalen på politiet.no, seier politiadvokat Sandra Grøtta Krakeli.Politiet oppmodar også den eller dei som har utført gravinga om å melde seg.Spor etter prøvestikk.Alvorlege konsekvensarPolitiet ser alvorleg på brot på kulturminnelova som av Riksadvokaten er eit prioritert område innanfor kulturmiljøkriminalitet. Skadar på kulturminne kan vere uopprettelege, og når arkeologiske spor blir øydelagde, kan både gjenstandar og viktig historisk kunnskap gå tapt for all framtid.– Kulturminna våre er ei viktig kjelde til kunnskap om historia vår. Når slike spor blir øydelagde, mistar vi informasjon som aldri kan gjenskapast, seier Krakeli.