Publisert av Møre og Romsdal politidistriktSist oppdatert
Politikontakten skal bidra til at lokalsamfunnet, kommunen og politiet samarbeider godt om kriminalitetsførebyggande arbeid.
Jørgen Honningsvåg kjem frå stilling som politioverbetjent ved operativ utlendingskontroll. Der har han vore fag og opplæringsansvarleg for Møre og Romsdal politidistrikt. Tidlegare har han arbeidd som operativ etterforskar.Han har arbeidd operativt heile politikarrieren, og skal halde fram med dette vidare i den nye rolla. Det ser han på som viktig, for å treffe publikum der det skjer.– For meg er politikontakten ei av dei mest spennande oppgåvene i politiet. Det er mange aktørar i Ålesund kommune som jobbar førebyggande, og eg ser fram til å bidra inn i dette arbeidet, seier Jørgen Honningsvåg.Målet hans er at innbyggarane i Ålesund skal oppleve kommunen som ein trygg stad å bu og vekse opp.– For å få til dette må vi jobbe langsiktig og målretta med førebygging, seier han.Han ser fram til å vidareutvikle det gode samarbeidet mellom politiet og kommunen, og saman finne gode løysingar på utfordringane.– Eg ønskjer at innbyggarane skal oppleve politiet som tilgjengelege, og at det skal vere låg terskel for å ta kontakt. God dialog med befolkninga gir oss viktig kunnskap om kva som rører seg i lokalsamfunnet, og gjer oss betre rusta til å førebygge kriminalitet og skape tryggleik, seier Honningsvåg.