Elin Anja Drønnen (50) er utnemnt i statsråd til politimeister Møre og Romsdal for ein åremålsperiode i seks år. Ho tiltrer 1. januar 2026.
Drønnen har bakgrunn frå ulike stillingar i etaten. Ho er i dag driftseiningsleiar for felles eining for operative tenester (FOT) i Møre og Romsdal politidistrikt. Før det har ho vore påtaleleiar sidan reforma i 2017. Drønnen har arbeidd i distriktet sidan 2011.–Eg er audmjuk over tilliten som er vist meg og ser fram til å utvikle politidistriktet vidare saman med dyktige medarbeidarar, og skape tryggleik for innbyggarane våre, seier Drønnen i ein kommentar.Den nye politimeisteren er utdanna jurist ved Universitetet i Bergen, men har også studert strategisk leiing ved Politihøgskolen. Ho har dessutan studert folkerett, menneskerettar og EU-rett ved Université Paris X Nanterre i Frankrike.Ved sidan av tida i Møre og Romsdal politidistrikt og tidlegare Sunnmøre politidistrikt har Drønnen jobba i Flyktninghjelpen og i Advokatfirmaet Tollefsen.I tre år var ho dommarfullmektig ved Sunnmøre tingrett.Svært kompetentMøre og Romsdal politidistrikt er i den spesielle situasjonen at begge dei to toppleiarane gir seg samtidig.Både politimeister Ingar Bøen og visepolitimeister Ingmar Farstad blir pensjonistar frå nyttår. Politidirektør Håkon Skulstad er glad for at Elin Anja Drønnen har teke på seg å leie politidistriktet vidare.–Ho har brei erfaring og kjenner både politiet og distriktet godt. Dessutan er ho godt likt og respektert blant kollegaene. Møre og Romsdal politidistrikt har fått ein svært kompetent politimeister, og eg ser fram til å samarbeide med ho framover, seier Skulstad.Elin Anja Drønnen blir ny politimeisterPolitiet