Slik ser revidert nasjonalbudsjett ut for politiet
Publisert av PolitidirektoratetSist oppdatert .
Regjeringa la i dag fram sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2026. Slik ser tala ut for politiet.
Totalt blir det foreslått at politiet får 145 millionar kroner i RNB:
105 millionar kroner til handtering av den tryggingspolitiske situasjonen og innstrammingar i bruken av mellombels kollektiv beskyttelse
40 millionar kroner til styrking av påtalemakta i politiet
Forslaget til budsjett skal behandlast og vedtakast i Stortinget i juni. Når POD tek imot supplerande tildelingsbrev, vil forslag til fordeling av midlane bli lagt fram for drøfting i sentralt IDF. Situasjonen i Oslo politidistrikt blir særleg trekt fram som grunngiving for forslaget om auka tildelingar til politiet. Oppdragsmengda for hovudstadspolitiet knytt til vakthald, demonstrasjonar og større arrangement har auka betydeleg som følgje av den tryggingspolitiske situasjonen.– RNB-midlane gjeld berre for inneverande år, men dei gir eit auka handlingsrom til kortvarige tiltak som til dømes overtid, vikariat og anskaffingar, seier avdelingsdirektør Roger Bjerke i Politidirektoratet.Utfordrande trusselbildePolitidirektør Håkon Skulstad seier midlane er eit bidrag til å handtere ein pressa situasjon både i Oslo og i resten av landet.– Den tryggingspolitiske situasjonen har vorte meir krevjande, og legg auka press på alle delar av politiet. Vi blir utfordra på kapasitet og prioriteringar, og oppgåvene er meir komplekse og krevjande enn tidlegare, seier Skulstad.Han peikar på at politiet, uavhengig av den auka tildelinga i 2026, framleis må arbeide med å utnytte ressursane best mogleg – på tvers av einingar og distrikt.– Vi må arbeide aktivt med å rekruttere og halde på kompetanse, samarbeide med andre etatar og auke bruken av teknologi og digitale løysingar. For å få mest mogleg ut av ressursane, må vi arbeide smartare, og digitalisering er ein nøkkel til dette. Auka bruk av teknologi og digitale løysingar vil bidra til meir effektive arbeidsprosessar og betre informasjonsflyt. Dette vil bidra til å frigjere kapasitet, slik at vi kan utnytte og bruke den spissa politikompetansen meir målretta der behovet er størst, seier Skulstad.