Kriminalitetstala 2025 for Vest politidistrikt: Liten auke i talet på straffesaker
Publisert av Vest politidistrikt
- Straffesaker har vi god kontroll på, men vi slit meir med responstida, seier politimeister Ane Kvaal.
Talet på straffesaker i Vest politidistrikt held seg om lag på same nivå som dei to siste åra. Politiet registrerte i fjor 31 130 meldte saker – 810 fleire enn året før. Totalt hadde politiet identifisert mistenkte i om lag halvparten av sakene. Oppklaringsprosenten held seg stabil, medan sakshandsamingstida går opp etter gode tal i 2024.Det er nokre av overskriftene når Vest politidistrikt i dag offentleggjer eit utval av resultata frå 2025.- Overordna har vi god kontroll på straffesakene i Vest politidistrikt. Vi registrerer nokre mindre endringar, mellom anna ein liten nedgang i meldte saker knytt til mindreårige. Det er positivt, men det er førebels for tidleg å seie om vi ser ei endring i ungdomskriminaliteten her i Vest, seier politimeister Ane Kvaal.Når ikkje responstidaLike bra går det ikkje med responstida i politidistriktet. Politidistriktet nådde ikkje krava i 2025, verken i tettbygde område eller i mindre sentrale strøk. Responstida blir målt frå det ringer ved operasjonssentralen til første politieining er på staden. Det er ulike krav til responstid avhengig av innbyggartal og ein måler berre på oppdraga som hastar mest.- Eg er ikkje nøgd med at responstida vår går opp. Dette handlar mellom anna om ressursar. Eg ønskjer å bruke meir pengar på folk ute, heller enn bygg og anna drift. Dette jobbar vi svært aktivt med no, men det er ei grense for kor effektive vi kan bli, seier Kvaal.Tar ikkje tilliten for gittHo har fleire gonger det siste året peika på at politidistriktet har stramme rammer i tillegg til ei meir krevjande oppgåveportefølje, noko som gjer at ho og leiinga må gjere vanskelege prioriteringar. Dette får mellom anna konsekvensar for mindre alvorleg kriminalitet.- Min frykt er at politiet blir oppfatta som irrelevant og fjern for folk flest. Det vil gå på tilliten laus. I den tryggingspolitiske situasjonen vi står i no, er vi som samfunn heilt avhengig av at innbyggjarane har tillit til politiet, seier politimeisteren.Heldigvis er det mykje som tydar på at innbyggarane faktisk har fått høgare tillit til etaten den siste tida. Førre veke offentleggjorde politiet resultata frå Innbyggjarundersøkinga 2025 som syner at tilliten går opp tre prosentpoeng til 73 prosent på landsbasis.Også i Vest politidistrikt aukar tilliten. Her seier 71 prosent at dei har høg eller veldig høg tillit til politiet, noko som er opp fire prosentpoeng frå 2024.- Dette er utruleg viktig for oss som samfunn, men ikkje noko vi kan ta for gitt. Eg kjem difor til å jobbe hardt for at vi skal gje innbyggjarane dei beste polititenestene ut frå dei rammene vi har. Så får det vera opp til politisk leiing å bestemma korleis denne ramma blir, avsluttar politimeisteren.Sjå vedlagt rapport for fleire detaljar.