Hopp til hovedinnhold
Logo
Endringar for å styrke politiet i vest
Publisert av Vest politidistrikt

Kriminaliteten og trusselbildet i Noreg har endra seg mykje dei siste åra. Politiet sitt oppdrag er blitt meir omfattande, oppgåvene fleire og med dei same rammeføresetnadene er situasjonen krevjande. Difor vil vi gjera endringar i Vest politidistrikt.

- Innbyggjarane er truga av meir alvorleg og organisert kriminalitet, oftare i digitale kanalar og i ei stadig meir usikker omverd. Riksrevisjonen sine undersøkingar viser at både politiet og PST har fått vesentleg meir komplekse og ressurskrevjande oppgåver. Dette krev eit sterkare og meir robust politi. Endringane vi no foreslår skal sette oss i betre stand til å møte eit samfunn i rask endring - for å gjere innbyggjarane tryggare, seier politimeister Ane Kvaal. Gjennom utviklingsprosjektet Framdrift Vest har Vest politidistrikt over tid arbeid med å møte desse utfordringane. No har politimeisterens leiargruppa handsama første del av oppdraget – organiseringa i dei geografiske driftseiningane (GDE). Leiargruppa innstiller no på endringar både i organisasjon og politistasjonar. - Dagens organisering slik den er innretta vart laga for eit anna kriminalitetsbilete enn det vi står ovanfor i dag. Vi treng større fagmiljø og betre samhandling for å løyse oppgåvene våre. Vi må prioritere ressursane der behovet er størst, samtidig som vi skal ivareta beredskapen og sørge for tryggleik og tilgjengelegheit i heile distriktet. Dette ligg til grunn når vi no har sett på dei geografiske driftseiningane, seier Kvaal. Kort oppsummert innstiller leiargruppa på:
  • Å slå saman fleire politistasjonsdistrikt - frå 14 til 9.
  • Å endre innretninga på politistasjonar. Nokre stader er foreslått omgjort til mindre, såkalla tilpassa politistasjonar medan andre er anbefalt fasa ut.
  • Å halde på dei tre geografiske driftseiningane inntil vidare.
Sjå heile innstillinga (pdf) Innstilling til endringar i Vest politidistrikt 20.04.2026.pdf Styrker oss i regionsentera Innstillinga inneber to hovudgrep. Det første er å samle og utvikle fagmiljøa i regionsentera.   - Ved å slå saman politistasjonsdistrikt vil vi få betre kvalitet, kapasitet og kompetanse som kjem heile politistasjonsdistriktet til gode. Større fagmiljø med spesialistar innan til dømes etterforsking, digital sporsikring, vald og ungdomskriminalitet gjer oss betre i stand til å løyse dagens – og morgondagens – oppgåver, seier politimeisteren. Større einingar samlar fleire patruljer, gjer meir føreseieleg bemanning og større vaktlag i kvart politistasjonsdistrikt. Resultatet meiner vi er ein meir fleksibel og betre operasjonell kapasitet både i kvardag og ved spesielle hendingar. - Færre leiarar legg og til rette for meir heilskaplege prioriteringar og samarbeid på tvers, seier Kvaal. Utvikle lokalt tilpassa polititenester- og stasjonar  Leiargruppa foreslår samtidig å endre innretninga på ein del politistasjonar. Nokre blir omgjort til mindre, tilpassa politistasjonar og nokre tek vi sikte på å fase ut. Dette legg til rette for det andre grepet; å utvikle og tilpasse polititenestene lokalt. - Endringane vi foreslår har berre eit mål - å gjere innbyggjarane tryggare. Vi veit at mange knyt tryggleik til at det er ein politistasjon i bygda. Det er forståeleg, men det er ikkje politistasjonen som skapar tryggleik – det er politipersonellet og tenestene vi leverer. Difor vil vi bruke mindre pengar på bygg, og meir på folk. Nokre stasjoner er foreslått fasa ut.  Samstundes foreslår vi å innføre mindre, tilpassa politistasjonar utan dyre sikringstiltak og utstyr, seier Kvaal. Dei tilpassa politistasjonane skal vere lågterskel kontaktpunkt for innbyggjarane, bidra til robust operativt politiarbeid i områder med store avstandar, og sikre beredskap, førebygging og lokal forankring. - Dette er modellen vi no skal legge til rette for å i Bergen sør og Bjørnafjorden, seier Kvaal. Oppdaterte samarbeidsavtaler med kommunane med klare og forpliktande avtaler blir og viktig for å sikre forutsigbart oppmøte, tenester og treffpunkt for innbyggjarane. - Med stramme rammevilkår er det viktig at vi saman prioriterer dei rette tinga. Politikontaktene er sentrale her. Dei er vårt faste bindeledd til kommunane, seier Kvaal. Tid for høyring   Innhaldet i dei tilpassa politistasjonane må passe lokale behov, og skal difor utviklast saman med tilsette og kommunane. - Vi kjem med eit fagleg grunna forslag. Detaljane vil vi utvikle saman med dykk. Utfordringar og behov, tiltak og prioriteringar må vi identifisere saman, seier Kvaal. Forslaga blir sendt på høyring til kommunane i mai. Politidistriktet legg og opp til dialog og møter med kommunar og innbyggjarar.