Det vil ikkje lenger bli skrive ut naudpass ved Bergen lufthamn frå 18. mai 2026. Alle førespurnader knytte til naudpass må rettast til passkontoret i Fyllingsdalen.
Tidlegare har det vore mogleg for reisande som har mist eller gløymt passet sitt, å få skrive ut naudpass ved Bergen lufthamn. Det er ein stor auke i turismen til Bergen. Noreg er forplikta til å gjennomføre grensekontroll av personar som reiser inn frå land utanfor Schengen. Det same gjeld når dei reiser ut frå Noreg til land utanfor Schengen. Av den grunn vil vi ikkje lenger ha kapasitet til å skrive ut naudpass ved Bergen lufthamn.Ved behov for naudpass, ta kontakt med passkontoret i Fyllingsdalen, Krokatjønnveien 15.Opningstidene der er måndag 8–14.30, tysdag 8–19.30, onsdag 8–19.30, torsdag 8–19.30 og fredag 8–14.Vi oppmodar alle som skal på utanlandsreise i sommar om å sjekke status på eigne og barna sine pass i god tid før reisa.