Når: Gjenstandane blir lagde ut til synfaring frå denne veka (veke 40).
Korleis: Sjå bilete, finn favorittane dine og bli med på bodgjevinga direkte på nettsida.
Dette blir selt denne gongen:Du kan enkelt sjå på alle gjenstandane med detaljerte bilete på nett. Denne hausten finn du blant anna:
Køyretøy og motor: Påhengsmotor, syklar og el-sparkesyklar
Hus, hage og verktøy: Robotgrasklippar, høgtrykksspylar, hageredskap og diverse verktøy
Smykke og tilbehøyr: Klokker, damevesker, briller og solbriller, samt smykke og bunadsøljer
Elektronikk og musikk: TV, drone, samt ein gitar med forsterkar
Sport og fritid: Golfbag
Klede og mykje anna spennande lausøyre!
Slik fungerer auksjonen:
Synfaring: Gå inn på Stadssalg frå og med denne veka for å sjå heile utvalet.
Bodgjeving: Finn gjenstandane du ønskjer deg og legg inn bod direkte på portalen.
Sidan fleire kan melde si interesse, løner det seg å følgje med! På sida vil det stå dato for auksjonen.
Utlevering: Alle gjenstandar blir henta etter nærare avtale direkte med Stadssalg.
Merk: Salet skjer som medhjelparsalg for Namsfogden, og alle gjenstandar blir selde "som dei er".Klikk deg inn på Stadssalg frå og med denne veka for å sjå bileta og finne dine favorittar!