Norsk politi er med i internasjonale operasjonar. Vi hjelper til i land som treng støtte til å bygge opp samfunnet igjen etter krig og konflikt. Vi tar del i arbeidet med å styrke det lokale og nasjonale politiet.
Slik hjelper Noreg til
Per januar 2025 har norsk politi 25 politirådgivare og observatørar i internasjonale operasjonar.
Meir enn 1600 norske politifolk har vore med i internasjonale operasjonar. Vi har hatt operasjonar i 35 land over heile verda. Frå Aust-Timor i aust, Balkan i nord, Namibia i sør og El Salvador og Colombia i vest. Dette er i hovudsak land der samfunnet har brote saman på grunn av krig eller konflikt.
Norsk politi har tatt del i internasjonale fredsoperasjonar sidan operasjonen i Namibia i 1989.
Det er gjennom norsk utanrikspolitikk det blir bestemt at Noreg skal ta del i slike operasjonar. Arbeidet blir finansiert over bistandsbudsjettet.
Slik blir det bestemt at norsk politi skal vere medNorsk politi hjelper til i internasjonale fredsoperasjonar. Det er ofte FN som står bak desse. Det er Utanriksdepartementet (UD) og Justis- og beredskapsdepartementet (JD) som bestemmer at norsk politi skal vere med i slike operasjonar. Politidirektoratet blir spurt om råd før departementa bestemmer seg.Norsk politi hjelper også til i prosjekt som berre gjeld to partar. Dette blir kalla bilaterale prosjekt. Rekrutteringa til slike oppdrag kan følge andre krav enn det FN stiller til sine operasjonar. Kontoret for internasjonale fredsoperasjonar (INTOPS) har ansvar for norsk politipersonell til slike prosjekt. Dei koordinerer hjelpa med departementa og dei internasjonale organisasjonane.Politiet utnemner årleg ei gruppe med kvalifisert personell. Denne gruppa kan hjelpe til i internasjonale fredsoperasjonar påfølgande år. Representantane for norsk politi blir henta frå alle politidistrikt og særorgan. Men det er frivillig å vere med på operasjonar i utlandet.